Logo

Ny tur til Moldova

Nytt besøk 26. oktober – 10. november 2012. Denne gongen får vi med oss trailar. Nils Fredrik Nilsen er som vanleg sjåfør. Han kjem truleg fram torsdag 1. november. Mesteparten av lasset består av synshjelpemiddel slik som til dømes leseTV og spesialoptikk. Her er og med utstyr for operasjon av grå stær. I tillegg har vi med ein del møblar og nye sjukehusuniformer. Hans Bjørn Bakketeig og Kåre Ness kom til Chisinau før helga. Dei nyt godt av sein, moldovsk sommar med dagtemperaturar opp mot 20 grader.

Bildet: Synshemma Anastasia frå Cjaeder-Lunga i Sør-Moldova har fått hjelp på Synsenteret tidelegare. No skal vi på oppfølgjingsbesøk heime hjå henne.

Galina Gradinari har hatt ansvaret med å førebu alle dokument og tollklarering i Moldova. Vi vonar at lasta er ferdig klarert i løpet av fredag, og at fordeling av varene kan startast opp same dag.

På programmet i oktober/november står mellom anna dette:

Synsprosjektet vert som alltid hovudaktivitet. Vi tek sikte på å få eit nytt møte med helseministeren og vidarutvikla samarbeidet ved det medisinske universitetet i Chisainau. Dessutan vil vi arbeida vidare med å skaffa til veie større og betre lokale for synssenteret.

Det vert nye  utredningar ved synssenteret, og utdeling av briller til dei som vart undersøkte forrige gong . Vi planlegg besøk/oppfølgjing av synshemma born i  Comrat i sør og Briceni og/eller Riscani i nord-Moldova. Vi tek også sikte oppfølgingsbesøk til familien Raiu og Barnehage nr 74.

Hans Bjørn skal ha foredrag for augelegane ved Municipal Universitetssjukehus der tema er rehabilitering av svaksynte. Dessutan vonar vi å få i stand besøk heime hjå nokre av familiane som får nyta godt av årets julegåveprosjektet.

Kåre Ness