Logo

Siste trinn før disputasen

Tatiana Ghidirimshi leverte i dag (29.10.12) inn si doktorgradsavhandling til tredje og siste kommisjon for godkjenning. Ho reknar med å kunnna disputera tidleg på nyåret 2013. Tema for avhandlinga er rehabilitering av synshemma. Tatiana si avhandling er eit pionerarbeid ikkje berre i Moldova, men truleg i heile Aust-Europa. Vi i Hjelp Moldova er glade på Tatiana sine vegne, og føler at vi har vore ein god medhjelpar og støttespelar i arbeidet.

-Det var eit lukketreff i livet at eg møtte Hans Bjørn Bakketeig for snart 8 år sia. Eg var ung og nyutdanna augelege. Eg visste ikkje då korleis eg kunne hjelpa synshemma pasientar. Då Hans Bjørn fortalde om sitt arbeid om rehabilitering og muligheiter for synshemma på eit seminar i Chisinau, gjekk det eit lys opp for meg. Eg måtte berre læra meir om dette og få kontakt med Hans Bjørn for å læra meir. Eg ville vera ein av dei som skulle hjelpa menneskje med synhemming. Gjennom samarbeidet med Hans Bjørn og Hjelp Moldova har interessa for faget berre blitt sterkare og sterkare, seier Tatiana.

Tatiana og Hans Bjørn same dag som ho leverte inn doktorgradsar beididet

Tatiana viser fram avhandlinga til Hans Bjørn som er minst like stolt som den kommande doktoranden.

Hans Bjørn Bakketeig har dei fem siste åra vore leiar for Hjelp Moldova. Til dagleg er han optikar ved Hjelpemiddelsentralen i Hordaland. Han har lang erfaring med arbeid for synshemma; både i Noreg og i Moldova. Tidlegare i år vart han utnemnd til “verdsoptikar 2012”, av World Council of Optometry (verdsrådet for optometri), for sitt arbeid i Moldova. Han seier:

-I dag er Tatiana ein av dei aller fremste på sitt fagfelt, ikkje berre i Moldova, men i heile Aust-Europa. Ho har oppnådd stor respekt for arbeidet sitt; noko som er medverkar til at vi i Hjelp Moldova lettare oppnår våre mål med tanke på å betra livssituasjonen for synshemma. Vi ser fram til Tatiana sin presentasjon av doktorgradsarbeidet!

Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent/Chisinau/Moldova