Logo

Anastasia, ei tapper jente i Ceadir-Lunga

Anastasia Capani (14) var flinkaste eleven i klassen før ho fekk hjernesvulst med sterk synshemming som biverknad etter to operasjonar. Med handicappet sitt får ho ikkje lenger gå på skulen, men må ta til takke med heimeundervising nokre dagar i veka. Likevel er ho ei smilande og livsglad jente. Ho greier ikkje stå i ro når ho får besøk frå hovudstaden og frå Norge; men sitrar av spenning og forventning, pratar i eitt sett, smiler og ler.

Anastasia fekk for ei tid tilbake briller og lese-TV på synssenteret i Chisinau. Veninna Julia hjelper til med å kopla opp apparaturen. Foreldra er på jobb når vi kjem. Anastasia legg ei bok på leseplata. Store bokstavar dukkar opp på skjermen, og Anastasia demonstrer ferdigheitene sine for oss. Ho les med glød og innleving. Det er ikkje lett. Ho har tidlegare fortald at ho greier å lesa tekstar, men ho får ikkje med seg innhaldet. I Chisinau snakka ho engelsk med Hans Bjørn, og sa at ho håpte at han aldri reiste frå henne. For når ho hadde ein å snakka med, og lesa med, så gjekk det greitt. Då fekk ho med seg alt. Det plagar henne at “ingen” bryr seg om ho eller vil ha ho som elev.

Anastasia og veninna Julia framfor skjermen på lese-TV’n.

Anastasia bur i Ceadir-Lunga i Sør-Moldova, nesten 15 mil frå hovudstaden Chisinau. Det har regna trollkjerringar heile dagen før vi kjem dit. Vegen er i ferd med å renna vekk og nullast ut. Vi tek ikkje sjansen på å ofra vår bil den bratte gata opp til huset der ho bur med vetlebroren, mor og far. Ikkje vil vi leggja ut til fots i den den sleipe, såpeglatte moldovske leirevegen heller. Løysing vart å ringja etter taxi. Lada’en lukkast berre nesten. Halvvegs opp stoppar han i ei gummisky og sølelort. Vi bit det i oss, forlet kjøretøyet, og risikerer sko og helse. Nordmennene i sommar-ekko småsko, og damene i ditto, utan ekko, men halvhøgt. Etter å ha overvunne store utfordringar og framført avansert balansekunst, når vi dørstokken, der Anastasia ventar.

Moldovsk bygdeveg i sterkt haustregn er ikkje å spøkast med! Anastasia bur i enden av denne bakken.

-Eg får ilt i hjarta når eg møter Anastasia og ser kva det moldovske samfunnet har å by henne, seier Tatiana Ghidirimshi, og held fram. -Vi har ein lang veg å gå før vi greier å integrera og inkludera born, ungdommar og vaksne som skil seg aldri så lite grann ut frå normalen. Her ligg den store utfordringa for oss; å bidra til ei haldingsendring slik at alle kan få sjansen til å delta i vanleg samfunnsliv. Dette er noko av det viktigaste vi kan hjelpa til med gjennom arbeidet med og for synshemma i Moldova.

På vegen tibake til Chisinau får vi telefon frå mora som fortel at ho vart møtt av ei oppglødd jente og glad då ho kom heim frå arbeid. Det er fint å høyra, men kan ikkje fjerna smerta vi alle har inni oss etter møtet med tapre Anastasia.

Kåre Ness/Chisinau, Moldova