Logo

30/10: Oppfølgjing i sør

-Det er gjevande og kjekt å helsa på kollegaer i Sør-Moldova og utveksla erfaringar. Oppfølgjing er ein viktig og naudsynt del av arbeidet vårt. Det inspirerer  og engasjerer, seier Tatiana Ghidirimshi og Hans Bjørn Bakketeig.

Legar frå poliklinikkane i sør var mellom dei første som deltok på kursa for personale som arbeider med synshemma, Tysdag denne veka hadde  dei to gjensyn med kollegaer i Comrat og Ceadir – Lunga. I byen Comrat var det også sett av tid til utredningar av to sterkt synshemma jenter; den eine var 12 år gamle Tatiana Urum (bildet) som får seg nye briller neste gong Hans Bjørn kjem til Moldova.

Olesia Bojemovo frå Besarabesca var også innkalla til utredning i samband med at Hans Bjørn var venta på besøk. Eit krevande tilfelle der augelegen i Comrat, dr Tantiana Rodkova ønskjer assistanse. Den 14 år gamle jenta møtte fram i følgje med broren sin. Over nyttår ein gong får ho spesialbriller med styrke minus 15.


Plutseleg ser Olesia (14) dei største bokstavane på lystavla tydeleg og klart.

Byen Comrat er hovudstad i den tyrkisk prega regionen Gagusia. Gagusia med 170.000 innbyggjarar har ein spesiell status i Moldova. Idet vi køyrer inn i sentrum, oppdagar vi at kjøreruta vår er vakta av ein stor politistyrke; ikkje på grunn av vårt besøk, men fordi statsministaren var venta. Bakgrunnen var at det same dag skulle haldast val til parlamentet i Gagusia.


Ceadir – Lunga:I løpet av kort tid vankar det kaffi og kaker, og ikkje minst må vi smaka på saftige eple og pærer frå lokale frukthagar.

Om lag 30 kilometer frå Comrat ligg byen Ceadir – Lunga. På poliklinikken her tek augelegane Liuba Camerjan og Elena Coloman mot oss. Begge har gått på kurs og fått opplæring gjennom Hjelp Moldova. Dei viser fram utstyret Hjelp Moldova har kjøpt til klinikken. Splittlampe og prøvekasse er hyppig i bruk, og fungerer godt, rapporterer dei travle legane som hjelper og støttar kvarandre. Dei har eit oppland med om lag 60.000 menneske. Dagleg tek dei imot 50 pasientar.

Kåre Ness/Chisinau, Moldova