Logo

Glede og tårer for nye briller

Francesca Ticu, fire år og i rosa kjole (bildet), ler og ler når ho ser seg sjøl i speilet med briller på. -De har gjort meg til ei gammal dame, skrattar ho, ser og ser, og synest det ho ser er heilt OK.

Det vart ein tøff dag på synssenteret denne siste oktoberdagen i 2012.

Mykje latter og mange tårer, men alt med glede som bakteppe. Mor Malec greier ikkje halda kjenslene attende når ho ser dotra si på 14 som jublande speglar seg med nye briller. I ti år har mora søkt hjelp, men fått vita av legar og andre ekspertar at det ikkje fanst håp.

– Så fekk vi møta Hans Bjørn, og så var alt mogeleg, kviskrar ho.

Applaus med glimt i auga

-Bravo! ropte 74 år gamle professor  i gynekologi, Petru Rosca. Med nye briller applauderte han og sa: -Det er uråd å formidla summen av den glede de har teke brakt hit, men eg vil fortelja om det til alle.

Professoren hadde glimt i auga og skjemta med syn og faget sitt, men vart alvorleg og høgtideleg då han proklamerte at han ville vera til stades når Tartiana snart skal feirast og ærast for sitt doktorgradsarbeid. -Eg skal reisa meg og klappa for henne!

 Professor Petru Rosca mellom Tatiana og Hans Bjørn.

10 års kamp

Madelina Malic (14) sitt først litt alvorlege andlet smelta i eit sjarmerande smil då det var hennar tur å sjå i speilet. Mora greidde ikkje halda tårene tilbake. Så var det ikkje umogeleg. Så hadde ikkje 10 års kamp vore forgjeves. Så var der nokon som kunne hjelpa likevel.

-Ingen vil ha dei. Ingen tek ansvar for dei. Dette er framleis kvardagen for moldovske foreldre med svaksynte born. Difor er vårt arbeid så viktig, Hans Bjørn.

-Speil, speil i handa der, fortel meg kven som vakrast er…. I dag var Madelina ei av dei vakraste.

Alle hjelper til

Emir Sucertu (4) legg snøgt skepsisen til framadfolk vekk. Med nye briller og trygt på mamma Alla sitt fang, svarar han, uten å nøla, på alt mamma spør om frå den fargerike bildeboka. Over skuldra følgjer storesøster Erica spent med. Ho er kry av veslebroren, og gleder seg saman med alle.

Emir meistrar alle spørsmål.

Alt i alt fekk 14 personar i alderen 4 til 84 år nye briller i dag.

Tekst og foto: Kåre Ness/Chisinau, Moldova