Logo

Hans Bjørn underviser augespesialistar på universitetssjukehuset

-Eg har som mål at svaksynte i Moldova skal få same rettar og vilkår som svaksynte i Norge. Då må moldovske legar vita kva det vil seia å vera svaksynt, læra moderne diagnoseteknikk, og forstå kva muligheiter den enkelte synshemma  har om han eller ho får dei rette hjelpemiddel.  For mange, kanskje majoriteten av helsepersonell i Moldova, trengst det ei bevisstgjering og haldningsendring for at dei skal skjøna verdien av å integrera og rehabiliera menneske med nedsett funksjonsevne, seier Hans Bjørn Bakketeig.

Den 31. oktober heldt Hans Bjørn forelesing på Municipal Universitetssjukehus for ti augespesialistar med dette som tema. Forelesinga var ein del av obligatoriske kurs moldovske legar jamnleg må gjennomgå for å oppretthalda legelisensen.

Bildet: Professor Valerij Cousnir (i kvit frakk) introduserte Hans Bjørn til augelegane. 

Spørsmål og engsjement i etterkant av førelesinga viste at Hans Bjørn traff deltakarane heime. Optikaren understreka for legane kor viktig det er å informera dei synshemma, oppmuntra dei og undervisa dei i bruken av hjelpemiddel. Det er også viktig at familie og andre rundt dei synshemma, på skule og arbeidsplass, får kunnskap om dette.

-I Moldova opplever vi heile tida at synshemma møter motstand og manglar støtte. Til og med dei næraste, far eller mor, trur ofte dei har fått eit barn utan muligheiter om barnet ser dårleg. Dette vert som regel forsterka av skulen og helsevesenet som nektar å ta mot dei.  Ingenting er så deprimerande som  slike opplevingar. Samstundes er det ingen ting som gjer meg gladare enn når vi har lagt til rette for at ein synshemma får ein meiningsfull kvardag i skule, arbeid og det sosiale liv, seier Hans Bjørn.

Hans Bjørn som midtpunkt for legar på vidareutdanning. Legane kom frå heile landet.

 

Kåre Ness/Chisinau, Moldova