Logo

Trailar, toll og tømming

Torsdag 1. november kom Nils Fredrik Nilsen med meir enn 100 kubikkmeter last i trailaren.  Idet mørket la seg over den moldovske hovudstaden dagen etter, var bilen tom – nesten. Meir enn 30 menn og kvinner tok del i lossing og fordeling av lasset; vel 60 lese-TV og anna optisk utstyr, fleire pallar med splitter nye sjukehusklede og ein del møblar, m.m.

Bildet: Trailarsjåfør Nils Fredrik manøvrerer seg bak bilen for å opna dørene for tollinspeksjon. Mørke skyer leverte kraftig morgonregn og traileren måtte parkera i eit sølehav i grusen ved tollstasjonen. Seinare vart det sol og 18 grader pluss.

Tømminga føregjekk ved rehabiliteringssenteret CREPOR der Synssenteret held til og disponerer eit lite lager. Vi vonar å få eit større kontor her om ikkje så lenge. CREPOR er ein av institusjonane som fekk nye sjukehusuniformer frå sendinga.

Dørene er opna, og lossinga er i gang. Tatiana og Hans Bjørn organiserer og dirigerer.

Halve dagen og vel så det gjekk med på tollvesenet, men takk vere godt førearbeid gjekk tolling greitt i den forstand at vi slapp å opna bilen og gjennomgå lasta fysisk. Lossinga gjekk raskt og effektivt med gode hjelparar.

Eit arbeidsvillig mannskap frå CREPOR jobba kjapt og greitt og sikra seg ei samstundes eit kjærkomme tilskot til ei elles beskjeden dagsløn. 

Det er viktig å ha pinleg orden på alle dokument med underskrifter og stempel. Galina Gradinari, som Hjelp Moldova har samarbeidd med i alle år, hadde gjort ein perfekt jobb med å førebu mottaket av trailaren.

Til sjukehuset i Calarasi hadde vi med operasjonsutstyr for grå stær (facomaskin). Her fyller Galina ut skjema for overlevering av utstyr med detaljerte opplysningar om verdi, vekt og mottakar saman med ein av legane frå sjukehuset.

Frå eit millitærsjukehus utanfor Chisinau kom ei vennleg, myndig dame i blå frakk med sjåfør i ein 20 år gammal millitærbrun ambulanse. Ambulansen såg livsfarleg ut for folk, men var OK til å frakta sjukhusuniformer. Etter å ha studert mengda med klede, rekvirerte kvinna forsterkningar, og etter ei stund var to kjekke, unge soldatar på plass for å bera. Kleda vi hadde med er nye og ubrukte, levert som gåve frå Sverre W. Monsen.

Millitærsjukehuset manglar det meste. Personalet gledde seg til å få nye, kvite uniformer. 

Ein del av kassane med varer vert mellombels lagra i garasjen til CREPOR-komplekset. Noko vart henta med bil same kvelden, medan noko vert levert seinare. Alle dei vel lese-TV’ane som vi hadde med frå NAV Hjelpemiddelsentral på Kokstad, vert levert ut til svaksynte når nye brukarar med trong for slike dukkar opp. I Norge kostar ein ny lese-TV nær 40.000 kroner. Det fortel litt om verdien av lasta vi hadde med denne gongen.

Arbeidsgjengen samla i garasjen for å motta lønn for strevet med å tømma trailaren.

Kåre Ness/Chisinau, Moldova