Logo

Trailaren parkert og vi tek helg

Nils Fredrik Nilsen er ein veteran i norsk langtransport, og har kjørt langturar i Europa sia 1970-talet. Turen frå Bergen til Chisinau er meir enn 3000 kilometer, og tek om lag fem døgn. I ettermiddag i dag, 3. november, parkerte han bilen og tok helg før returen måndag. Siste oppgåva i Chisinau denne gongen var lossing av eit parti stolar og bord til Ion Crianga universitetet der Galina Gradinari underviser.

Bildet: Ein konsentrert trailarsjåfør følgjer med i høgrespegelen medan han ryggar den store trailaren på plass.

Bygningen der Ion Crianga universitet held til er i typisk sovjetisk stil frå 1950-talet og ber tydeleg preg av trong for fornying. Difor vart bord og stolar vi hadde med frå Os vidaregåande skule tekne godt i mot. Det var trongt for den store bilen å komma til ved universitetet, men Nils Fredrik manøvrerte det svære kjøretøyet trygt fram til losseplassen, og rygga elegant ut igjen.

Litt rekognosering før Nils Fredrik ryggar tilbake og svingar ut på gata igjen.

Typsik sovjetisk stil i festsalen på universitetet. Nils Fredrik diskuterer med Galina. Møblane frå Os i bakgrunnen.

Trailaren er parkert, Nils Fredrik har henta ut eit lite parti svært pene gardin han hadde teke med seg som privat gåve, og som var det aller siste som var att i bilen. Vel blåst, og god helg frå oss i Moldova til alle lesarar og støttesplararar.

Kåre&Co, Chisinau, Moldova