Logo

Heimtur i lastebil:
6 land på 7 dagar

Nils Fredrik Nilsen har verken kart eller navigasjon i lastebilen. Etter 40 år som langtransportsjåfør kjenner 65-åringen vegnettet i Europa som si eiga bukselomme. For meg som sidemann og passasjer på heimturen frå Moldova, viste han seg som ein førsteklasses lastebilsjåfør, reiseførar og  guide; med sans for kulinariske spesialitatar undervegs:

– No ska du høre, de e snart tid for en matbit. Nåkken kilometer te, så har vi en hyggelig kafe og grei parkeringsplass. Der ska vi hvile, og der ska vi spise godt før vi tar dagens siste etappe, seier han. Det er sein lunsjtid på dag 1 av heimturen, og vi vi har lagt halvparten av den transylvanske høgsletta i Romania bak oss.

Nils Fredrik elskar arbeidet sitt. Han er påpasseleg og passeleg sjefete som med-losse-sjauar når han leverer lasta.  Han er trygg og roleg; time etter time, på motorvegen i 80 kilometer i timen. Han jobbar rasjonelt og effektivt bak rattet i den kvite Scania’n tilhøyrande Systemtrafikk på Osterøy og med logoen til Lonevåg Beslag på tilhengaren.

Fredag kveld, 2. november 2012 utanfor attføringssenteret CREPOR der Synssenteret held til. Trailaren med hengar på godt over 100 kubikkmeter er ferdig lossa i det tusmørket, nesten umerkande, avløyser dagslyset.

Ekspedisjonen starta i den moldovske hovudstaden Chisinau. Nils Fredrik Nilsen er framme med nok ei last frå Norge. Fredag 2. november lossar han utanfor attføringssenteret CREPOR der Hjelp Moldova har lokale. Lasta inneheld i hovudsak synshjelpemiddel, fleire pallar med nye sjukehusklede og ein del møblar. Alt er overskotsmateriell, eller gåver, av god kvalitet. Alt har fått nye eigarar i Moldova.

Returen startar tidleg måndag morgon, 5. november. Det er om å gjera å vera tidleg ute, og komma fremst i køen ved grenseovergangen til Romania. Nils Fredrik hatar å kasta bort tid i køståing.

På vegen mot grenseovergangen Leuceni i Moldova kjører vi forbi typiske moldovske landsbyar som denne. For omlag 15 år sia vart akkurat denne landsbyen ramma av eit jordras i skråningen, og mange hus vart øydelagde. Kort tid etter raset var Hjelp Moldova til stades med mat og klede til dei mest trengande.

Rett før grensepasseringa tankar vi opp lastebilen. Her ligg ein relativt ny LUKOIL-stasjon. LUKOIL er det største russiske oljeselskapet og har høg marknadsdel i Moldova – som i Aust-Europa landa generelt. (Selskapet er i desse dagar for første gang med i konkurransen om å få tildelt lisensar på norsk sokkel i Barenshavet.) Dieselprisen på moldovske pumper er ca 17 lei. Del på to, og du får prisen i norske kroner. Billeg for oss, månehøgt og uoppnåeleg for folk flest i Moldova. Romania har som (nesten-nytt) EU-land drivstoffprisar på linje med norske prisar.  -Vi ha’kkje nåkke valg, vi må fylle tanken her, konstaterer lastebilsjåføren.

LUKOIL-stasjonen nær Leuceni på moldovsk side på grensa til Romania. På rumensk side heiter grensestasjonen Albita.

For nokre år sia vart Romania medlem i EU. Moldova står utanfor det gode selskap. Majoriteten ønskjer truleg medlemskap. Alternativt ønskjer ein del av innbyggjarane tettare band til Russland.Men det vil nok uansett gå mange år enno før landet er kvalifisert til å søkja om medlemskap i EU.  Mange krav må oppfyllast. Landet kan neppe kallast demokratisk. Mange moldovarar manglar demokratiske rettar. I så måte er arbeidet Hjelp Moldova utfører med tanke på å integrera og rehabilitera menneske med funksjonshemmingar eit positivt bidrag.

Passering inn/ut av Moldova går mykje greiare og meir effektivt no enn for knapt 20 år sia då vi besøkte landet for første gong. Bygningane er nye, kontrollpostane færre, og utstyret i stor grad nytt og moderne. Slik som den nye, store Mercedes spesialvogna med scannarutstyr. Ingen lastebilar slepp unna, heller ikkje vi, endå tilhengaren er tom. På god avstand opplever vi at heile det store kjøretøyet vårt vert røndtgenfotografert. Fotografane fann ingen ting mistenkeleg, og vi har løyve til å halda fram.

Inn i Romania går likeså greitt, berre litt hefta av å betala vegskatt og ein kjapp tollsjekk. Så set vi kursen vestover. Vi skal kryssa fjellkjeda Karpatane. Første store landmerke på kartet er universitetsbyen Iashi http://www.romaniatourism.com/iasi.html,), tredje størst i Romania, og ei stund midt på 1800 talet hovudstad.

Vegstandarden i Romaia har endra seg dramatisk siste åra – til det betre.

-For 15 år siden va det itt mareritt å kjøre gjennom landet fra øst te vest. No e det en lek, slår Nils Fredrik fast.

Men det manglar likevel ikkje på utfordringar. Den rumenske kjørestilen er svært ulik den norske med høg fart og dristige forbikjøringar. I stiginga opp Karpatane skaper trailarane lange køer, og i svingane  var vi vitne til dei mest halsbrekkande scener – slik som på bildet til venstre…

I tillegg kan du vera hundre prosent sikker på å møta heste-ekvipasjar der du minst ventar det. I mørket kjører dei stort sett utan lys eller refleks. Det er gambling med liv og helse; slettes ikkje i samsvar med rumenske vegtrafikklover, og langt frå harmoninsert med EU-regelverk for hest og kjerrre. Det er framleis langt frå Brussel til lengst aust i unionen.

EU-godkjent vogn, men kva med kua? Ikkje alle vogner var utstyrt som denne til høgre; med kvit bakstuss, seks raude refleksar og nummerskilt!

For oss som elskar (store) bilar og aldri vert skikkeleg vaksne, er lastebilturen heimover eit sju dagars eventyr. Vi nyt svingane når den godlynte Scania’n entrar Karpatane. Vegen er god, naturen som eit mil-etter-mil-maleri i gylne haustfargar. Og himmelen er blå!

Alt vi augnar er eksotisk; natur og vegetasjon, hus og hagar, klede og skikkar, menneske og dyr. Alt er annleis enn heime. Kjøreturen over den endelause, grøderike transsylvanske høgsletta, gløymer du aldri. Endelaust i alle retningar; høge fjell langt, langt borte, så vidt i syningom.

Tillatt med forbikjøring og fritt fram for monstermaster. Vi er i vestenden av den transsylvanske høgsletta og nærmar oss nest største byen i Romania, Cluj Napoca. Kva gjætaren og saueflokken hans meiner om denne typen naturinngrep skal vera usagt.

Cluj-Napoca er nest størst (?) i Romania med sine ca 340.000 innbyggjarar, sjå lenke:http://www.romaniatourism.com/cluj-napoca.html. I Cluj går det føre seg omfattande arbeid med å utvida bybana. Vi kjører forbi anleggsmaskiner og brigadar med orangekledde arbeidsfolk over alt langs kjøreruta vår i utkanten av byen. Tenk om tilsvarande innsats hadde vore sett inn på heimlege trakter, seier vi til kvarandre, med referanse til vegrevolusjonen vi har observert siste ti åra.

Inntrykket vi får av Romania frå lastebilvindauga er ikkje dårleg. Kanskje eit glansbilde, for den vanlege rumenar slit. Folketalet har gått ned med to millionar siste ti-åra. Mange reiser heimefrå for å søkja arbeid og lukka i andre EU-land. Mange nordmenn har fått rumenarar som kollegaer og naboar. Rumenarane er flinke og arbeidssomme og gjer ein glimrande innsats på norske arbeidsplassar. Synd at nokre er drivne av fattigdom til å livnæra seg av tjuveri og svindel, og påfører seg og sine landsmenn negativ omtale og omdømme.

Frå lastebilen får vi heller ikkje med oss at landet nett no opplever ei politisk krise på toppen av den økonomiske. Snart er det val i Romania, og politikarane på toppen kranglar og skuldar kvarandre for forsøk på statskupp. Lenge hadde landet beste økonomiske vekst av samtlege EU-land. No er EU bekymra over utviklinga både økonomisk og politisk. Det vert stilt spørsmål om landet er på veg bort frå demokratiet.

Romania har rike handtverkstradisjonar. Fleire stader langs ruta vår passerer vi fargerike handelsboder som denne. Her er det vanleg at turisbussar stoppar, og handlelysta er stor.

 

 

 

Det mørknar tidleg. Skumringstimen set inn i fire-tida, og klokka fem er det stupmørkt.  Lastebilsjåfør Nils Fredrik gir seg ikkje før dagens kvote for kjøre- og kviletid er brukt opp. Men han er påpasseleg med å halda seg innafor det lova gjev rom for.

– Alt annet bler useriøst, meiner han, og samtalen glir igjen inn på den sørgjelege utviklinga næringa har vore utsett for siste ti-åra.

– Det begynte vel egentli med Berlin-murens fall. Eg skjønnar det, det e’kje det. Men de e sørgeli å være vitne til.

Lange dagar, time etter time bak rattet, mil etter mil. Nils Fredrik er like uthaldande og seig som den 560 hestekrefter store Scania-motoren. I 40 år har han levt slik, vore ein del av, og følt europisk lastebilbransje på kroppen.

 

No dominerer underbetalte utlendingar vegane over alt: Sosial dumping, delvis subsidiert av norske styresmakter som eig selskap som registrerer bilar og hengarar i utlandet og nyttar aust-europeiske sjåførar til 1000 Euro i månaden.

Med det har han indirekte sagt at store delar av bransjen i Europa i dag er roten. Nils Fredrik, som i mange år dreiv sitt eige, internasjonale transportfirma, er glad han i dag er “vanleg” sjåfør og kjører fast rute med varer frå Osterøy til Oslo. Oppdragsgjevar er Osterøy-selskapet Systemtrafikk der Jørund Vevle er sjef. Her er det orden på kjøretøy, løn, arbeidstid og oppgåver.  Men rollane er snudd på hovudet: Jørund begynte si karriere i faget som sjåfør for Nils Fredrik.

Vi når industribyen Oradea, og nærmar oss Bors og grensepassering mot mot Ungarn. Her demonstrerer Nils Fredrik sin aversjon mot å stå i kø. Passasjereren anar det verste når lastebilsjåføren durar forbi ei fleire hundre meter lang kø med lastebilar på grensevent. Passasjeren trur han får rett når ein politmann bryskt stoppar oss rett før kontrollposten. Men Nils Fredrik er like brysk når han rullar ned sideruta og roper ned til den uniformerte:

-Humanitar!

-Dokument! ropar politimannnen tilbake.

Nils Fredrik, som no kjører tom vogn, viser dokument, og til stor lette for passajeren, som såg for seg både tukt og straff, slepp vi gjennom utan meir om og men.

– Du må aldri ta itt nei for itt nei. Men du må alltid tenke gjennom ka situasjonar du kan komme opp i og forberede deg. Det er avgjørende viktig å ha med seg alle dokumentar og papirar, helst rikeli forsynt med stempel og underskriftar. Å så må du opptre bestemt og vise at du vet ka du snakkar om, seier Nils Fredrik.

 Nils Fredrik, utan kart og navigasjon, finn alltid rette vegen; også i det gedigne spaghetti-motorvegsystemet rundt Budapest!

Ingenting er flatare enn steppene i Ungarn. Steppelandskapet, på ungarsk puszta,  strekkjer seg over store delar av landet. Vegane er gode og farten jamn på 80. Vi nærmar oss duen ungarske hovudstaden.. Nils Fredrik har i to dagar, med glød i augene og oppgirt stemmeleie,  annonsert overnatting i Budapest. Endeleg er vi der! Frå trailarparkeringsplassen i utkanten av metropolen går det kjapt i taxi til sentrum. Vi skal på byen for å nyta ungarsk mat og drikke:

No kjem lastebilsjåføren sin lokalkunnskap til sin fulle rette, og at han overbeviser i val av etablissement og meny:

Etappe 1: Aperitif på Anna Cafe, kaffihus, midt i hjarta av hovudstaden. Her kan du sitja ute, eller inne, og studera folk som fer forbi medan du nippar til det du har i kopp eller glas og prøvesmaker fine kaker.

Budapest er lastebilsjåføren sin favoritt. Ein fantastisk by, dag som natt. Borg-besøk  på Buda-sida er eit must.

Etappe 2: Kacsa Restaurant i Buda. Omtalt som den koselegaste restauranten i den ungarske hovudstaden av The New York Times. Servering av utsøkt ungarsk mat og ungarsk drikke. Berre presentasjonen av vinkartet og serveringa av vinen var ei oppleving som rettferdiggjer besøket. Maten får beste karakter.

Etappe 3: New York Cafe (sjå link: http://budapest.boscolohotels.com/restaurant-and-bar/new-york-cafe/ ) for ein aldri så liten dessert til slutt. Cafeen er mildt sagt overdådig. Då bygningen, som også huser eit like vakkert hotell, daterer seg frå 1894. Målet for byggherren den gong var å byggja “the most beautful cafe of the world”. Det må dei ha lukkast med. Her er det høgt under taket og dekorasjonane kan ta pusten frå ein enkel stril som tykkjer det er stort å komma ” te bydn”!. Desserten var uforgløymeleg. Når eg i ettertid les om cafeen på nettet, forstår eg at han har vore besøkt av mange berømte kvinner og menn før oss.

Det er godt alt som er gjort, heiter det i eit gammalt ordtak. Dette var ein god måte å gjera Budapest på. Vi starta tidleg på kvelden, returnerer til “Hotel Scania” i anstendig tid, og køyer før midnatt. I løpet av kvelden har Nils Fredrik dessutan fått detaljane om lasteadresse og lastetidspunkt to dagar fram; klokka 16 på DB Schenker sin godsterminal litt utanfor Salzburg i nabolandet Austerrike.

Ingen ting stressar oss, og vi får rikeleg tid til morgonstell og ungarsk McDonald-frukost neste morgon. Restauranten ligg i behageleg gangavstand frå parkeringsplassen. Dit traskar vi, og finn dagens arena for tannpuss og barbering. Der inntek vi breakfast-burger med juice, jughurt og kaffi. Vi er ikkje åleine. På nabobordet demonstrerer to fargerike fjortisar framifrå frukostferdigheiter på Iphone’ane sine medan dei meskar seg med sine tidleg-burgarar.

På motorvegen retning Austerrike møter vi denne amerikanske snutetrucken. Ikkje mange slike i Europa, og ein godbit for oss som aldri får nok av kjøretøy; det vere seg store som små!

Ny destinasjon: Wien. Passeleg langt frå Budapest, og passeleg langt frå lasteplassen nær Salzburg. Vi kjører i godt vær mot Hegeshalom som er grenseby, og gjer stopp hundre meter inn i Austerrike, i Nickelsdorf, på ein Shell stasjon, der vi snøgt oppdagar at alle tilsette er ungararar.

Det er tid for lunsj, og dags for å kjøpa autopassbrikke for motorvegkjøring i Austerrike. I samtlege land vi kjører gjennom, må lastebilen ha enten slik brikke som registrerer kilometer på motorvegen, eller på annan måte sørgja for at vegskatt for kjørte kilometer i det aktuelle landet vert betalt.

– Vi slippar ikkje unna, det kan du ta mitt ord på, seier lastebilsjåføren medan han skjer seg gjennom ein austeriksk kjempekjøttknoke. Han prøver få sidemannen til å velgja likt, men der og då, etter 1500 kilometer som sidemann og minimalt med mosjon, vert det i “mesta lagje”. Sidemannen har framleis McDonald i magen, og nøyer seg med kaffi.

Ny overnattingsplass finn vi ved eit av flyplasshotella nær Wien lufthamn. Hotellet har form som eit skeivt rektangel i stort format. Kanskje arkitekten har tenkt på halen på eit fly! Kanskje det kunne gjort nytten som Munch-museum i Oslo. Heldigvis tippa det ikkje over, og for oss landevegsfarar fungerte det ypparleg som frukoststasjon og barbersjappe. Restauranten var førsteklasses med nesten-norske prisar.

 

Flyplasshotellet utanfor Wien.

Ny taxi, gammal Mercedes E 300D, tok oss til hjarta av Wien, mindre enn eit steinkast frå den gedigene St. Stefan katedralen. Utanfor sto hesteekvipasjer i sterk kontrast til dei enkle vi kjørte forbi, eller møtte, i starten på reisa vår. Vår enkle kveldsvandring i den austerrikske hovudstaden lemna ikkje tvil om at her har mange vidgjetne komponistar og musikarar funne seg godt til rette før oss.

Likevel var det tilfeldigheiter som førte oss til Beehoven. Kanskje er Restaurant Kaiserstadt den mest undersksponerte Beethoven-bustad i heile Europa. Vår veg dit gjekk via ein syklande restaurantreklame, forkledd som sommarfugl. På vengene til den unge herren i butterfly-uniform sto det skrive at her var det godsaker å henta til minipris. Lastebilsjårøren og passasjeren let seg besjela, og følgde kartet på lappen vi fekk i handa.

Dei langvegsfarande tingar 2 Gøsser a 0,3 liter og 2 snaps frå ex-joguslaven bak disken. Lite aner dei at dei er under same tak som Beethoven søkte ly under i ein periode av sitt liv. Ikkje før ein engelskmann, harmonilærar ved musikkhøgskulen i Strasbourg, viser det seg, tek kontakt for å få greie på kvar desse to karane kjem frå; dei tala slikt eit underleg mål. Engelskmannen fortel kvifor han har funne vegen hit; nemleg at her budde Beethoven i ein period. Han undrar seg like mykje som oss over at det ikke ein gong finst ei minnetavle over den kjende, tidlegare losjerande.

 

Ludvig van Beethoven

Nesten like mykje undrar han seg over at to karar som oss, lastebilkarar, kunne konversera på slik elegant vis med han på hans eige morsmål. Noko tilsvarande ville garantert aldri hans landsmenn i same bransje kunna, seier han! Då han i tillegg får vita at lastebilkarane driv humanitært arbeid i aust, vert engelskmannen så imponert at han sporenstreks vender seg til ex-jugoslaven bak disken og  tingar 2 snaps ekstra til nordmennene, på si rekning. Så tek han farvel.

Takk til sommarfuglsyklisten, den engelske harmonilæraren frå Strasbourg – og ikkje minst Ludvig van Beethoven for ei høgtidsstemt stund i Wien!

 Neste morgon har vi god tid fram til lasteplassen, og kan nyta landskapet på vår ferd mot Salzburg.

På veg inn mot Salzburg har vi førsteklasses utsikt mot dei austerikske alpane med nysnø på toppane.

Godsterminalen finn vi etter å ha kjørt av motorvegen, gjennom rundkjøringar, ein veg her, vegkryss, og ein ny veg der. Nils Fredrik må i løpet av sine millionar av kilometer bak rattet ha utvikla ein særleg sans som erstattar både tradisjonelle kart og moderne navigasjonsutstyr. For fram finn han, og svingar inn gjennom porten til DB Schenker nesten på minuttet samstundes med ein blå, serbisk lastebil av merke MAN. Dei to sjåførane helser på kvarandre, og finn ut, trass i språkbarrierer, at begge har funne den rette.

Ventetid i Salzburg. Mørket kryp på medan terminalen klarerer lastedokumenta.

Omlag to timar seinare, i det mørket fell på, er 64 kolli frå Beograd overført på gaffeltruck via terminalen til vår bil. Varene skal lossast på ein terminal på austlandet, nokre timars kjøring frå Oslo.

Så kjappar vi oss mot tyskegrensa. Nils Fredrik speidar etter vegskilt retning Munchen, finn det, og kursen er sett. Grensene mellom EU-landa er no så utviska at det er vanskeleg å vita når du er ute av eitt land og inne i neste. Men det er lurt å følgja godt med på nett det, særleg når du kjører lastebil og skal inn i Tyskland. For tyskarane er strenge på vegskatt og store bilar. Alt må klarerast før turen tek til. Du må velgja rett kjørerute for heile turen, gjennom heile landet. Om du prøver deg utan betalt skatt, vil du garantert angra.

-Her ska du se, seier Nils Fredrik og tek passasjeren med til ein automat på første og beste bensinstasjon etter grenespassering. Nils Fredrik tastar inn heile reiseruta med norskekaien i Kiel som avskjedsadresse. Automaten kvitterer med naudsynte dokument, og lastebilsjåføren gir gass retning Pfaffenhofen der vi trillar inn på ein ny trailarstopp klokka 22.20.

Landskap i Bayern, langt sør i Tyskland

Begge er trøytte, og det er ingen diskusjon om at kveldsmaten får utstå. Kveldsprogrammet er enkelt; tannpuss og rett til køys. Neste måltid er frukost i trailarresturanten, og så ber det i veg mot nord.

Passering Hamburg retning Kiel. Den kjende brua over Elben er eit mektig syn i det vi kjører inn i Elbtunnelen.

Nils Fredrik har rekna ut at tid og veg er samstemt med tanke på å rekkja laurdagsferja frå Kiel til Oslo. Klokka 21.25 fredag kveld er vi parkert på kaien i Kiel og har tid for eit kveldsmåltid på byen. Color Magic har avgang klokka 14 neste dag. Avslutningsetappen ombord i det prektige skipet som trafikkerer strekningen Oslo – Kiel får alle og ein kvar til å kjenna eit aldri så lite snev av luksus, og vel så det.

Det kan skrivast bøker om såvel Tyskland på langs i lastebil som sjøreisa Kiel – Oslo med Color – ferjene. La oss her konstatera at alt gjekk vel, og det gjorde møtet med tollvesenet i Oslo hamn likeså.

Nils Fredrik har meldt sin ankomst til tillvesenet i Oslo og fått klarsignal til å kjøra vidare. Color Magic i bakgrunnen.

Nils Fredrik følgde passasjeren til flyet på Gardermoen før han neste dag lossa utanfor Oslo, og så lasta for Bergen. Slik skildes våre vegar etter tett sambuarskap ei heil veke.

Takk for turen, Nils Fredrik!

Beste helsing Kåre/sidemann, passsasjer – og bussjåfør.

 

Epilog: I rute til Ådnekvam – ei kjærleikens bussreise

Ein lastebiltur som vår gjev rikeleg tid til å la tankane gå. Livet ombord i rullande Hotell Scania er på mange måtar enkelt, og på ingen måte overdådig. Men både lastebilsjåfør og passasjer er priviligerte og høyrer til ein overklasse samanlikna med folk flest vi reiste frå, eller forbi, i Moldova, langs reiseruta i Romania og Ungarn, og samanlikna med dei ufatteleg mange lastebilsjåførane vi møter på vår veg. Berre det faktum at vi kan fritt fara dit vi vil, stansa når vi vil, og dra vidare når vi vil, viser det. Vi er mette, godt kledde, og bur godt.

Heilt sikkert er det nokon som er mettare, meir velkledde og som bur endå betre, men vi har plass øverst i pyramiden. Vår utfordring er at vi er for mette, for godt kledde, og bur for godt.

Ein lastebiltur som denne fyller sinnet med eksotiske sanseintrykk. Alt er så ulikt det vi er vane med. Og så, litt pluseleg, kjem kvardagen tilbake. Heime melder eg meg til nye oppdrag for det lokale busselskapet. Om eg kan kjøra eit skift på Ostereidet, spør dei? Jau, det kan eg, tenkjer eg, og trur eg kjenner alle krinkar og krokar Ostereidet-bussane går. Så ser eg at siste ruta på dette skiftet skal til Ådnekvam, om det er reisande med. Bussjåføren som trudde han visste alt, må sjå på kartet. Det er ikkje langt frå heimehuset på Lindås til Ådnekvam i luftlinje, men for meg er denne delen av nabokommunen Masfjorden ein kvit kartflekk på hi sio av fjorden og ein fjord til.

Eg skal til Ådnekvam for første gong i mitt liv! Eg kjenner same spenninga og forventninga i kroppen som før lastebilturen gjennom heile Europa. Her skulle lastebilsjåføren vore sidemann og passasjer!

Frå Knarvik tek det halvannan time med bussen i følgje rutehefte og skiftplan. Ruta går forbi Eikanger, Ostereidet, Kvingo, Masfjordnes og Andvik før Ådnekvam. Ikkje veldig mange passasjerar, men bussen er langt frå tom. Dei som stig på i Knarvik er elevar frå den vidaregåande skulen. Eg kjem i hug mi eiga tid ved same institusjon. Ikkje så veldig lenge sia, men nokre år har det då gått frå eg var russ i Knarvik i 1969.

Eksotisk i Nordhordland: Ådnekvam mellom fjord og fjell. Nokre få hus, ein knøttliten snuplass (bak bussen), eit par gardsbruk og tre postkassar.

Her finn du vegen til Ådnekvam, oppe til høgre: 2012 12 06 Linjekart_Knarvik

Det var året då “Sugar, Sugar” med The Archies toppa hitlistene, og “Honky Tonk Woman” med Rolling Stones var nr 4. Desse låtane har overlevt fire ti-år og vel så det, men hybellivet for Masfjord-ungdommen er historie. No bur dei heime og reiser til og frå kvar dag. Dei går glipp av bortelivets gleder og spenning, eller det motsette. 45-platene med Stones og Archies støvar ned, eller er på museum. Mine bussungdommar ber med seg musikken elektronisk, over alt. Det gjer eg sjøl og, forresten, og samtlege hits frå 1969 får plass på ei knøttlita brikke mindre enn ein kvadratcentimeter i smart-telefonen. Kanskje spelar dagens Masfjord-elevar Honky Tonk Woman sjøl om dei ikkje bur på hybel?

20 på topp i 1969: http://www.youtube.com/playlist?list=PLCD3D6513B6B3FEA9

Eg tenkjer på Lars og Signy, Ivar og Inger og dei andre hybelbuarane frå Masfjorden eg hadde gleda av å gå saman med i tre år. Lite tenkte eg i 1969 at eg i 2012, ein vakker seinhaust-ettermiddag, skulle skyssa masfjordelevar heimatt frå Knarvik med bussen min!

Bak rattet på den 12 meter lange Volvo’en, i rute 353 til Ådnekvam denne ettermiddagen, utfører eg eit historisk oppdrag – på linje med dei store erobrarane. Eg er i ferd med å oppdaga mitt eige eksotiske nærmiljø!

Vegen er smal og svingete; fjorden på eine sida, fjellet på den andre. Mange stader stup bratt opp, og stup bratt ned. Masfjorden er stikk motsett ungarsk sletteland. Gasspedalen krev jamnt trykk om ruta skal haldast. Langt framme og ute lyser Mongstad-raffineriet som eit Soria Moria. Mørket fell på medan bussen legg kilometer bak seg. Fjell og fjord ifører seg ein trolsk ham.  Det er like spennande og eksotisk i svingane her nede som høgt oppe på den transylvanske høgsletta – Drakula sitt heimland! Men Masfjordfjella har sanneleg vore arena for nok blodig dramatikk. Masfjordfjella var heimebase for motstandsgruppa Bjørn West under krigen. Her måtte norske motstandsmenn bøta med livet, her møtte tyske okkupantar sin lagnad.

 

Blå kveld på Masfjordnes. Kabelferja frå Dueseund sig mot kaien.

På Masfjordnes korresponderer buss og ferje. og siste passasjer går av. Her møtest Austfjorden og Masfjorden. To stopp igjen: Andvik og Ådnekvam. Eg kan snu i Andvik, for bussen er tom. Men eg finn ikkje snuplassen som mine kollegaer detaljert har fortald om. Oppdagar ikkje kombinasjon av elv og støypekant på høgre side, og fer forbi. Har dessutan bestemt at eg skal til Ådnekvam uansett.

På vegen tilbake finn eg kanten og ser elva, og skjønar teikninga: Stopp med høgre bakhjul inntil og bakerst ved den tre meter lange støypekanten på høgre side. Hev bussen slik at fronten går over støypekanten på venstre side. La venstre framhjul følgja støypekanten (du ser han er svart av gummi) medan du ryggar og svingar bakstussen på bussen inn på plassen langs elva.

Dætts it! Litt fortærandes at eg gjekk glipp av denne utfordringa. Men skitt og. Det er berre å parkera, finna fram matpakka og håpa på tilbod om ny tur i rute 353.

Snuplassen i Andvik. Ein historisk stad i nordhordlandsk samferdsle. Her har dei snudd i årtider. Jau då, eg ser det går så fint som berre det, og angrar litt at eg gjekk glipp av denne utfordringa.

Klokka 16.35 set bussjåføren vogna i gir og startar ruta frå Andvik. Estimert ankomsttid Knarvik er 18.00 med korrespondanse mot buss til Bergen, framme kl 18.50. To timar og litt til tek byturen Når andvikingane reiste te bydn på 60 talet, måtte dei nok rekna med at dagen gjekk, og at dei kanskje ikkje kom seg heimatt før neste dag. I dag klagar dei på dårleg veg.

Det  er berre å gje gass. Dette er ikkje noko somlerute. Bussjåføren kjører ikkje forgjeves, for på Masfjordnes står eit menneseke som vil vera med. Etter fire – fem haldeplassar trekkjer passasjeren i snora og takkar for seg. I stupande mørke og heilt åleine piskar sjåføren bussen gjennom svingane fram mot korresponderande buss frå  Modalen Eksingedalen Billag (MEB). Det skjer i krysset ved Andås på E39. På minuttet kl 17.25 vert spenninga utløyst: Dei to sjåførane skimtar kvarandre i det masfjordbilen svingar opp på sida av den ventande: Begge sjåførane ristar på hovudet. Ingen modøler eller eksingedøler har tenkt seg til Knarvik eller byen denne kvelden, og ingen masfjordingar etla seg innover.

For meg som bussførar var likevel dette ei storhending; EKSOTIKK på høgt plan. Modalen Eksingedalen Billag er nemleg min barndoms ruteselskap. På CV’n min står no som nyaste punkt:

Desember 2012: “Korrespondanse med MEB”. Kanskje ingen andre vil forstå, men for meg er det stort.

 Eidslandet ca 1965, barndommens rike. Vognparken til Eksingedalsruta L/L, seinare Modalen Eksingedalen Billag A/S.

Då eg vaks opp, var bussane i Eksingedalen innesperra mellom fjord og fjell. No er dei sleppte fri. MEB er historisk, for det er einaste aktive rutebilselskap i Hordaland som har overlevt, og som attpå til gir utbyte til sine aksjonærar. Alle andre selskap vart slukte opp av noko større for så å forsvinna. Prøv å finna gamle heltar som BNR, HSD, og Askøy/Bergen; selskap som våre forfedre gjennom generasjonars arbeid møysommeleg bygde opp.  Berre MEB er tilbake. Tenk å få korrespondera med eit slikt selskap!

Eg vil alltid minnast turane seint i 2012 med glede: Europaekspedisjonen frå Moldova via Romania, Ungarn, Austerrike, Tyskland heim til Norge. Nordhordlandsekspedisjonen frå Knarvik, via Eikanger, Ostereidet, Masfjordnes og Andvik til Ådnekvam med retur.

Berre ein ting til slutt. Du som har lese deg heilt ned hit, lov meg ein ting: Ikkje fortel til lastebilsjåføren at bussjåføren måtte søkja karthjelp for å finna Ådnekvam…

Bussjåføren