Logo

Spennande oppgåver ventar

Arbeidet med å sikra utvikling og drift av synssenteret held fram, og er inne i ein spennande fase. Dette er konklusjonen etter at haustturen 2012 er over.  Vi har drøftingar med universitet og sjukehus om kva rolle synssenteret kan spela når det gjeld opplæring og utdanning av augelegar i framtida.

Leiar for senteret, Tatiana Ghidirimshi, skal i løpet av kort tid disputera for doktorgrad med tema synshemming og integrering av synshemma. Dette er eit pionerarbeid, ikkje berre i Moldova, men i heile området omfatta av tidlegare Sovjetunionen.

Bildet: Hans Bjørn er stolt over Tatiana som har levert doktorgradsarbeidet og er klar til å forsvara avhandlinga.

Tatiana og Hans Bjørn Bakketeig (leiar for Hjelp Moldova) har systematisk oppfølgjing av legar og helsepersonell ved poliklinikkar og sjukehus over heile landet. Arbeidet med å undersøkja og hjelpa pasienter pågår for fullt.

Tatiana  og  Hans Bjørn hadde ei  travel veke etter at trailaren var tømt og på tur heim att til Norge:

Måndag 7. november:

Møte med professor Cusnir ved Municipal Universitetssjukehus. Cusnir er fremste augelege (oftalmolog) i Moldova og ein av to professorar på dette fagfeltet i landet. Tema var korleis synssenteret kan nyttast i utdanning og opplæring av legestudentar som spesialiserer seg innan oftalmologi, samt vidareutdanning og opplæring for etablerte augelegar.

Denne dagen vart det også tid for møte med Barnehage nr 74 som i snart ti år har fått støtte til rehabilitering via Hjelp Moldova. Barnehagen ønskjer å byggja ei ny avdeling for trening, utvikling og rehabilitering  av funksjonshemma born. Vi får no tilbod og kostnadsoverslag frå ein entreprenør på kva det vil kosta å gjera ferdig tilbygget vi reiser for føremålet.

Samtale med professor Cusnir (til venstre) på Municipal Universitetssjukehus. Vidare Hans Bjørn Bakketeig, Cusnir jr som også er augespesialist, kirurg og augespesialist Valentina Lupin og Tatiana Ghidirimshi.

Tysdag 8. november:

Arbeid ved synssenteret, hovudsakleg med nye pasientar.

På venterommet, i den mørke korridoren utanfor Synssenteret: Mamma Alla saman med Emir på 5 som skal få nye briller. Storesøster Erica er like spent som veslebroren og mamma.

Onsdag 9. november:

Besøk i ved sjukehuset i byen Vulcanesti i Gagusia-regionen, 20 mil sør for Chisinau. Hans Bjørn og Tatiana reiste dit saman med to legar frå Republican-hospitalet (tilsvarar Rikshospitalet i Norge), representantar for det moldovske Blindeforbundet, pluss representantar for ein organisasjon som arbeider med å registrera born med funksjonshemmingar. Det var innkalla 30 pasientar i samband med besøket. Om lag 10 av desse vart utreda og fekk hjelp av Tatiana og Hans Bjørn.

Torsdag 10. november:

Besøk i Barnehage 135 i Chisinau; spesialbarnehage for blinde og synshemma. Utredning av born, samt oppfølgjing av personale og sjekk av utstyr/opplæring i bruk av utstyr barnehagen har fått.

Fredag 11. november:

Arbeid ved synssenteret; nye pasientar, planlegging for tida frametter og oppsummering av besøket. Dagen etter reiste hans Bjørn heimatt.

Tekst og foto: Kåre Ness