Logo

Barnehage nr. 74 i Chisinau

Barnehage nr. 74 i Chisinau:

Nr 74 har fått rehabilitert bad og toilett, her er lagt nye golv, og tilført nytt utstyr og hjelpemidlar. Midlane kjem i hovudsak frå basarane ved Spelhaugen Dagheim for psykisk handicappa i Fyllingsdalen. Spelhaugen har utført eit realt underverk for born og tilsette ved nr 74.

Første gong Hjelp Moldova kom til barneheimen vart vi møtt med skepsis (på same måte som vi vart førte gong ved «Statoil-sjukehuset). Dei hadde hatt gjestar før som lovde å koma tilbake med hjelp, men som aldri kom. No vert vi tekne mot som heltar og velgjerarar, og personalet veit ikkje kva godt dei kan gjera for oss når vi er der. No ønskjer barnehagen å byggja ein liten gym-sal på utearealet ved barneheimen, og er nesten i mål med dei ca 10000 Euro som trengst for å realisera dette.

Leggetid på nr 74: Her søv ungane i kvar si “kommodeskuff seng” under dyner med nytt trekk på. Vegg i vegg har kvar avdeling nyoppussa baderom og toilett.