Logo

Familie/tuberkuloseprosjektet

Familie/tuberkuloseprosjektet:

I ei rekkje år freista vi hjelpa tuberkuloseramma barnefamiliar med å etablera ein god nok hygienisk standard i heimen for å få bukt med sjukdommen. Dette har vore svært krevande. Alkoholproblem i familiane har gjort at innsatsen vår har gitt lite igjen. Vi har difor avslutta dette prosjektet som prosjekt.

Imidlertid er vi framleis engasjert i ein familie som fekk nytt hus av oss. (Sjå bildet). Det såg ut som dette skulle få ein bra utgang, men framilien slit på mange område (ikkje alkohol). Trass i samarbeid med den lokale, kommunale sosialetaten,  er vi ikkje trygge på at vi lukkast slik vi gjerne ville.

Kåre Ness