Logo

Desember 2012: Nye sko og begeistring på blindeskulen

I etterkant av turen med trailar i november, reiste dr. Tatiana Ghidirimshi på oppdrag til Balti, den nest største byen i Moldova. Her ligg ein stor sentralskule for blinde og svaksynte. Tatiana, som er leiar for Hjelp Moldova sitt Synssenter, hadde med seg sko, skjorter og undertøy til ein del av borna, og uniformsjakker til personalet. Alt var nytt, pent og ubrukt, og vekte svært stor begeistring.

Synsprosjektet, som er hovudaktiviteten til Hjelp Moldova i dag, starta eigentleg på blindeskulen i Balti for godt over ti år sia. Då vi kom dit første gongen, mangla dei det meste, og det dei hadde var skrøpeleg og i dårleg forfatning. Vi spurde kva dei ønskte seg aller mest, og svaret var blindeskriftpapir. Det første vi skaffa dei, var eit tonn med slikt spesialpapir.

Dr Tatiana Ghidirimshi, til venstre, er augespesialist og sjef på kompetansesenteret vårt for synshemma. Som leiar for senteret arbeider ho over heile landet. Her under besøket i Balti saman med rektor på blindeskulen og to av gutane som har fått seg nye sko frå Norge.

Seinare har vi skifta taket på skulen, og installert ny sentralfyring. Vi har tilført skulen mykje spesialutstyr for svaksynte. Dessutan får skulen jamnt og trutt besøk av Tatiana og Hans Bjørn (optometrist og leiar for Hjelp Moldova) for å utreda og følgja opp elevar. Tatiana hadde også denne dagen sett av tid til å ta mot pasientar.

 – Eg har to søsken. Kan dei også få nye sko?

Elevane ved blindeskulen i Balti kjem frå heile landet. Mange er foreldrelause, og dei aller fleste kjem frå venskelegstilte familiar. Dei fleste bur på internatet ved skulen. Tilhøva har betra seg sia vi var der første gang, men er framleis av slik karakter at verken du eg, eller du som les dette, ville sendt våre sine ungar dit.

Lykken er…. uventa å få seg nytt arbeidstøy. Og kollegaene bak ventar på sin tur.

Tatiana fortel at det var ein gledens dag i Balti:

-Det er vanskeleg å forstå kva slike gåver betyr for desse synhemma borna.  Det er ufatteleg rørande å oppleva, seier Tatiana som helsar og takkar frå elevar og personale med rektor i spissen.

Kåre Ness (tekst) og Tatiana Ghidirimshi (foto).