Logo

NRK 2 viser dokumentaren “Europas Bakgård” i januar

Dokumentarfilmen Europas Bakgård vert vist på NRK 2 første gong 15. januar 2013 kl 22.30. I Moldova møter vi Eva, Olia, Olga og Veronica, fire vakre og sterke kvinner. Med humor og sjølvironi strevar dei på kvar sin måte for å overleve i eit land som slit med å kome ut av skuggen av det gamle Sovjet. Ved å bli kjent med desse kvinnene, blir vi kjent med kvardagen i Europas fattigaste land.

Bildet: Ida Kleppe har laga spennande film frå Moldova.

Europas Bakgård vert vist tre gonger på NRK 2 i januar 2013:

15. januar kl 22:30, 17. januar kl 23:30 og 21. januar kl 24:05

I filmen får sjåaren vere med til Moldova, eit samfunn som er mentalt fjernt, men geografisk nært for oss i nord. I dette grøne landet, prega av skiftande tider og vedomnar med dårlig trekk, blir sjåaren kjend med fire kvinner. Eva, Olia, Olga og Veronica er alle sterke i stormen, men dei veit å bøye seg for ikkje å knekke når det bles som verst. Desse kvinnene har fått prøve livet sine mørke sider, dei er realistiske og dei fortvilar. Likevel er dei fulle av mot, av latter og av ukueleg optimisme. Ved å bli kjent med desse kvinnene, blir vi kjent med kvardagen i Europas fattigaste land. Ved å sjå kva for val dei tek, påverka av deira samfunn og samtid, vil vi bli kjent med ein nasjon som slit med å kome ut av skuggen av den gamle Sovjetunionen.

Dette er ikkje nok ein trist film om eit uheldig folk. Dette er derimot ei varm skildring av fire fantastiske kvinner, og den heilt vanlege kvardagen i ein postsovjetisk stat.

Europas Bakgård er produsert av Corax Film, regissert av Ida Kleppe, og vart ferdigstilt i mai 2010. Filmen vant i november 2010 prisen for beste internasjonale dokumentarfilm på WT Os Internasjonale Filmfestival. På Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2010 vart filmen nominert til ”Beste Dokumentarfilm”.

To av kvinnene frå filmen, Eva og Olga, har Hjelp Moldova samarbeidd med i mange år. Eva er Moldovas mest kjende barnekirurg, sjukehusdirektør og tidlegare medlem i parlamentet. Olga er nyutdanna sjukepleiar. Vi møtte henne som ei fattig, tuberkuloseramma ung jente, og støtta henne slik at ho kunne gå i gang med utdanninga si.

Kåre Ness