Logo

Kvitebjørn-auksjon gav
83 000 kr til Moldova

Eit fantastisk engasjement mellom dei tilsette på Kvitebjørn-plattforma har gitt heile 83 000 kroner til Moldova. Det er resultatet av nyttårsauksjonen om bord på den statoilopererte plattforma som produserer gass og kondensat i Nordsjøen. Eldsjel for tiltaket, Geir Johnny Haringstad, fortel om eit eineståande engasjement frå alle om bord. Leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig, trudde knapt det han høyrde då han fekk den hyggelege meldinga. Rørt til tårer takkar han hjarteleg for den storslagne gåva! Dette var tredje auksjonen til inntekt for arbeidet i Moldova. Geir Johnny Haringstad har sjøl vore med oss til Moldova for ein del år sia. Det han såg, og det at alle i organisasjonen arbeider gratis, gjorde eit stort inntrykk. - Inntrykka frå Moldova har brent seg fast, seier Geir Johnny, som i alle år etter turen har vidareformidla opplevingane sine, og jobba for organisasjonen sitt beste. Planlegginga av nyttårsauksjonen starta alt i mai. Det er mange formalitetar som skal etterlevast for å få auksjonsgjenatandane ut. Difor er det viktig å ha rikeleg tid for å få alle ting på plass. Plattformsjefen sjøl gjekk i spissen for å få inn gjenstandar til auksjonen, og alle involverte fekk positiv respons hjå alle firma dei vende seg til. - Vi la auksjonen opp som eit ekte show, og auksjonerte bort flotte saker slik som Ipad, stereoanlegg, fotoapparat, video-opptakarar og kjøkkenmaskiner. Stemningen var stor og resultatet vart flott, ny rekord, fortel Geir Johnny, som sjøl arbeider i forpleiningen, og har fartstid i Nordsjøen heilt frå 1986. Og kollegaene var ikkje snaue med boda sine. Av dei ca. 70 om bord som deltok på auksjonen, kom det altså inn vel 83 000 kroner. - Ein einskildperson "handla" for 10 000 kroner. Han har vore med på samtlege auksjonar, seier Geir Johnny. Vi Hjelp Moldova seier nok ein gong hjarteleg takk. Vi er mektig imponerte alle saman. Pengane skal uavkorta gå til arbeidet for og med synhemma born i Moldova. Kåre Ness