Logo

Første Moldovatur 2013

Det er klart for ny Moldovatur. Med 40 par briller i kofferten, spesiallaga i Noreg sidan forrige tur, ser Hans Bjørn Bakketeig fram til årets første arbeidsøkt i Moldova. I tillegg gler han seg svært til Tatjana Ghidirimchi sin doktordisputas den 15. februar. Doktordisputasen blir ein stor "happening", og fleire nordmenn kjem til Moldova etter kvart for å vêre med på denne store hendinga, mellom anna Jon O. Vevle og Arne Kårstad, organisasjonen sine tidlegare leiarar. Vidare på programmet står oppfølging av aktiviteten ved synssenteret, større lokale og kontakt med myndigheitene. Utgreiing av nye synshemma blir det òg tid til. Visdomsordet "Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad" gjeld i alle fall her. 40-nye-brillepar_800-px 40 nye brillepar til store og små synshemma i Moldova. Mange av dei som no får nye briller vil dermed få nye mogelegheiter til å delta i det daglege liv. Den yngste som får ny brille på denne turen er ei jente på 4 år. Glasa i desse 40 brillene varierer frå styrke minus 28 til pluss 16. - Det er sjeldan eg lagar så mange briller med så høg og spesiell styrke, var kommentaren frå John Engebretsen på Multioptikk AS.   Ingunn E. Bakketeig