Logo

Glede og tårer for nye briller

Vesle Francesca (5) fekk på seg nye briller med mørkt filter, såg seg i speilet, smilte modig og sjarmerande, og erklærte at no likna ho på den mest kjende barnestjerna i Moldova! Det syntest ho var heilt OK,  og kvitterte for brillene med å synga ein av songane til TV-helten sin. I dag var Franscesca ein av ni svaksynte som fekk briller. Igjen fekk vi oppleva gripande scener. Glede og tårer om ein annan. Hjelpa frå Synssenteret medfører utan unntak dramatiske endringar i livssituasjonen for pasientane. På synssenteret Det er travelt og hektisk når Hans Bjørn kjem med ny brilleforsyning. Sist han var her, utreda han pasientar saman med sjefen på Synssenteret, Tatiana Ghidirimshi. No har det gått nokre månader, og han er på ny jobb-økt i Moldova. Med seg har han spesialbrillene som er laga enten i Norge eller i Sverige. I Moldova er det enno ikkje mogeleg å produsera spesialbriller av god nok kvalitet.  
2013 02 14 Lesanu Sanga (9) med mor si og Tatiana

2013 02 14 Lesanu Sanga (9) med mor si og Tatiana

Lesanu Sanga kjem saman med mor si til senteret. 9-åringen var fødd med katarakt (grå stær). Ho vart operert for katarakten i Moskva og hadde etter det eit syn på 10 prosent. Det betyr at ho har store problem med å meistra lesing. For ei tid tilbake fekk ho leseTV frå Synssenteret. LeseTV'n forstørrar bokstavane. Med dei nye brillene er synsevna auka til nær 50 prosent. Det gjer at Lesanu kan lesa og studera og meistra alle utfordringar som skuleelev. Dette beviser ho elegant ved å lesa, høgt og tydeleg, tekstar med små bokstavar. -Goodbye, and thank you very much, seier Lesanu på engelsk idet ho går ut døra. Mora er rørt til tårer. Endeleg har jenta hennar fått den hjelpa ho trudde kanskje ikkje var mogeleg å få. Styrke - 25 Endå striare tårer renn frå ei 38 år gammal kvinne då ho frå sine briller. Hennar syn var så svakt at ho i praksis fungerte som blind. I alle år har ho leita etter hjelp. For nokre månader sidan undersøkte Hans Bjørn henne. I dag kom han med brillene; filterbriller med styrke minus 25. No ser ho nok til å greia seg sjøl. Dotra hennar på ca. 20 år er også svaksynt og får nye briller samstundes. Kor viktig denne dagen er for familien kan vi berra ana.  

Web Stansilav Turcan frå nye briller (8)

Tatiana Ghidirimshi (til høgre) kjem med gode råd og vink til alle pasientar. Her er det mamma Turkan og Stanislav som får nyta godt av Tatiana sin kunnskap og erfaring. Stansilav Turkan (8) kjem også saman med mamma for å henta nye briller. Som alle pasiantane er han pent kledd og ter seg eksemplarisk.  Mamma er spent. Stansilav har fått eksperthjelp tidlegare, men som vi opplever igjen og igjen, kunnskapen om synshemma og muligheitene for synshemma er begrensa. Litt tilfeldig fekk dei kjennskap til Synssenteret, og her får Stansilav den hjelp han treng. -Alle pasientane vi har hatt her i dag treng oppfølgjing, fortel Hans Bjørn. Tatiana og sjukepleiarkollegaen hennar på senteret sørgjer for at dei får innkalling til sjekk og samtale når det har gått ei tid. Kåre Ness/UtanriksKårespondent, Chisnau/Moldova.