Logo

Moldovsk TV jaktar Hans Bjørn

Chisinau 14. februar 2013: I går var det Publika TV (www.publikatv.md) som hadde nyhende-innslag med Hans Bjørn (leiar i Hjelp Moldova); i dag var det Jurnal TV (http://www.jurnaltv.md/#0). Begge TV-stasjonane er mellom dei leiande i Moldova. -Eg synest det er svært gledeleg at moldovske media vier interesse for arbeidet vårt, seier Hans Bjørn Bakketeig - Det gjev oss muligheit for å fortelja om arbeidet vårt og kva vi kan tilby menneske med synshemningar. Mange treng hjelp; og mange veit enno ikkje om at hjelpa finst. Vi har tidlegare erfart at TV-innslag har fått synshemma til å ta kontakt med oss, slik at vi har kunna hjelpa dei.

Web TV Jurnal intervju Hans BjørnHans Bjørn Bakketeig intervjua av journalist Olga Iherbu i Jurnal TV. Fotograf er Chibanu Sandu. I bakgrunnen til venstre står professor Veleriu Cusnir ved Municipal Universitetssjukehus. Professor Cusnir er den fremste augelegen i Moldova. Han og kollegaene hans ved Municipal-sjukehuset er ein av hovudsamarbeidspartnarane for Hjelp Moldova i Moldova.

Intervjuet i går gjekk føre seg i Hincesti, ein by vest for hovudstaden Chisinau, i retning den rumenske grensa. Dit reiste Hans Bjørn saman med Tatian Ghidirimshi, leiar for Synssenteret, for å undersøkja nye pasientar og følgja opp tidlegare pasietar. I reportasjen følgde TV-teamet ein ung gut som var utreda på eit tidlegare tidspunkt. Hans Bjørn fortel:

- Vi besøkte ein barne- og ungdomsskule i Hincesti. Guten er 13 år. Han har fått ulike hjelpemiddel av oss tidlegare, og i dag installerte vi leseTV for han på skulen. Det var stor stas, for guten, mora, medelevar, lærarar og for oss. LeseTV'n fungerte supert for han!

Dagens opptak gjekk føre seg på Municipal Universitetssjukehus der Hans Bjørn nytta høvet til å fortelja om Hjelp Moldova sitt arbeid for synshemma i Moldova gjennom 10 år. Faktum er at Moldova, på same måte som dei andre, tidlegare Sovjet-republikkane, ikkje har nokon tradisjon i det heile for å hjelpa synshemma.

-Det er oppgåva vår; seier Hans Bjørn, på sikt å kunna gje hjelp til alle synshemma i Moldova. Vi har ein lang veg å gå. Det er avgjerande viktig at dei som treng hjelp, veit at vi er her!

Kåre Ness/UtanriksKårespondent, Chisinau/Moldova.