Logo

Jon O: Gledeleg gjensyn!

Jon O Vevle, første leiar for Hjelp Moldova, kom til Moldova første gong i 1993. No er han tilbake for første gong på 10 år, og gler seg storleg over å møta gamle vener og oppleva kva organisasjonen, der han er æresmedlem, står for i dag.

Bildet: Jon O (til venstre) på kunstmarknaden like ved teateret i hovudgata Stefan Cel Mare der han møtte sin gode ven, karamikaren, som alltid er på plass for å selgja produkta sine.

Etter ein god frukost på hotellet var Jon O med på synssenteret. Han let seg imponera over det han såg, og merka seg med stor interesse dei positive reaksjonane frå dei som fekk tildelt nye briller.

-Det er heilt ufatteleg kva ei spesialbrille kan bety for eit menneske. Eg gleder meg stort over å sjå med eigne augo kva innsatsen til Hjelp Moldova betyr for dei mange tusen som har fått hjelp i løpet av dei ti åra arbeidet med og for synshemma har gått føre seg, seier Jon O.

Neste punkt på dagens agenda var besøk på Municipal Universitetssjukehus. Der fekk Jon O for første gong møta professor Valeriu Cusnir, den fremste augelegen i Moldova, og hans kollega Valentina Lupin, som er kirurg og avdelingsleiar på augeavdelinga ved sjukehuset.

Web Cusnir og Jon O

Professor Valeriu Cusnir møtte Jon O Vevle for første gong, og dei fann straks ein god tone seg imellom.

Hadde det ikkje vore for Jon O sin innsats tidleg på 1990-talet, hadde det neppe vorte noko av Hjelp Moldova sitt engasjement i den tidlegare Sovjet-republikken. I starten var Jon O engasjert i Grenlandsaksjonen sitt naudhjelpsarbeid i Romania. Under eit besøk der, møtte Jon O ein rumensk lege som hadde vore i Moldova, og som kunne fortelja at situasjonen der var endå verre enn i Romania. Det førte til at dei neste hjelpesendingane frå Nordhordland fekk Moldova som mål. På slutten av Jon O si leiartid for Hjelp Moldova kom arbeidet med og for synshemma i gang. Seinare har dette arbeidet utvikla seg til å verta hovudaktiviteten for organisasjonen.

 Web Valentina og Tartiana på Municipal

Augelege og kirurg Valentina Lupin (til venstre) demonstrer laser-apparatet Hjelp Moldova har skaffa til Municipal Universitetssjukehus. Listepris er ca 1 millon kroner. Leiar for Synssenteret, Tatiana Ghidirinshi, har for anledningen, til ære for Jon O, teke pasient-posisjonen.

Professor Cusnir og Valentina Lupin sette stor pris på møtet med Jon O og det han kunne fortelja om opphavet til organisasjonen. Hjelp Moldova som har betydd uendeleg mykje for Universitetssjukehuset i Chisinau. Jon O sette på sin side stor pris på mottakinga og omvisinga på sjukehuset. Særleg imponert var han over alt det avanserte utstyret Hjelp Moldova har supplert sjukehuset med. Utan Hjelp Moldova sin innsats ville nivået på sjukehustilbodet vore på eit heilt anna og mykje lågare nivå.

Kåre Ness, UtanriksKårespondent, Chisinau/Moldova.