
Lege-kollegaer og veninner frå studietida overrekkjer blomar og gratulasjonar.
Sonen Nico (15) hjelper mamma med blomar og presangar på veg mot festlokale etter disuputasen.
Professor Valeriu Cusnir gratulerer og skåler for og med den nyslåtte doktoren.
Professor dr. med. Valeriu Cusnir har vore veiledar og støttespelar for Tatiana i heile perioden ho har jobba med oppgåva. Ho definerte tesene i 2005. Avhandlinga har vorte til samstundes med at Tatiana har jobba i full stilling som lege. Mange undra seg storleg over valg av tema, for i Moldova var det ingen, utanom Tatiana, som brydde seg om dei synshemma.
Professor Cusnir stadfester at stoda for synshemma i heile tidlegare Sovjetunionen er som i Moldova. -Vi har ein lang veg å gå, seier han og understrekar kor viktigt Tatiana sitt doktorarbeid er. Han poengterer kor viktig den norske hjelpa er, og har vore: -Når eg møter kollegaer i utlandet og fortel om kva utstyr og hjelp vi har fått frå våre norske vener, ser dei misunneleg på meg og seier at dei også ønskjer seg slike.
Stor dag for Hans Bjørn Bakketeig også. Utan møtet mellom Hans Bjørn og Tatiana, ville neppe doktorarbeidet med synshemma som tema komme i gang. Galina Gradinari (til venstre) er tolk. Hans Bjørn var rørt til tårer. Han ba om ordet fleire gonger under festen etter disputasen, og fortalde mellom anna om første møtet med Tatiana. Det er snart ti år sia Hans Bjørn starta på rekkja av forelesingar og seminar for moldovske augelegar. Hans store misjon var å fortelja om synshemma, at dei stikk i strid med gammal aust-europisk tradisjon, relativt enkelt kunne integrerast i heim, skule og arbeid. På eitt av desse seminara var det ein ung, kvinneleg lege som hadde handa oppe heile tida og kom med stadig nye kommentarar og spørsmål. Det var Tatiana Ghidirimshi. Tatiana på si side hadde heilt sia ho var nyutdanna augespesialist, leita og søkt etter nokon som kunne støtta henne med sin kongstanke; som også var å kunna hjelpa synshemma. -Då eg høyrde hans Bjørn den gongen, skjønte eg at her var den personen eg hadde leita etter så lenge, seier ho.Arne Kåstad (til høgre) talar under festen. På jakka ber han Konges fortenestemedalje som han fekk for sitt arbeid i Moldova.
Arne Kåstad var leiar for Hjelp Moldova då organisasjonen for ca ti år sia hadde sitt første møte med synshemma-problematikk i Moldova. Det var han som inviterte Hans Bjørn og fekk han, som optikar og ekspert på synshemming, med til Moldova første gongen. -Eg er imponert over Tatiana og rørt over det eg får vera med på. Alle vi norske som er med her i dag føler at vi har ein liten del i doktorgraden, seier Arne. Tre leiarar for Hjelp Moldova: Jon O Vevle var den første, Arne Kåstad den andre, og Hans Bjørn Bakketeig, noverande leiar, er den tredje. Mange merka seg det spesielle at det var så mange nordmenn til stades. Alle dei sakkunnige som kommenterte doktorarbeidet, viste til bistanden frå Norge og den store betydning det har hatt for avhandlinga. Hans Bjørn sitt namn gjekk igjen. Alle i fagmiljøet kjenner Hans Bjørn og rosar han for ueigennyttig innsats gjennom mange år. -Han er ein stor inspirasjon for oss, seier mange. Leiar i komiteen som vurderte doktoravhandlinga, professor Eugen Benelic, roste arbeidet, og takka for norsk bistand. Her saman med andre medlemmer frå kommisjonen som også i sine talar la vekt på betydning av samarbeidet med Norge og Hjelp Moldova. Tatiana har god støtte i mannen sin, Alexander Ghidirimshi, som gratulerte kona samstundes med at han gav uttrykk for at det er godt det heile er over. Vel blåst! Kåre Ness, UtanriksKårespondent, Chisinau/Moldova