Logo

“Julekveld” for søstrene Surugiu

Familien Surugio er ein stor familie i eit lite hus i ei lita gate i utkanten av sentrum i ein stor by; Chisinau. Her bur seks søstre i alderen 3 til 17 år saman med mamma. Storesøster Domica utdannar seg til skreddar og har fått seg symaskin. I dag fekk ho nytt strykejarn og strykebrett kjøpt for pengar julegåveprosjektet til Hjelp Moldova. Dessutan fekk familien ny elektrisk kjøkkenomn, ny steikepanne og steikespadar finansiert frå same prosjektet. Det var ein fin dag for mamma Luminita og jentene hennar. Søstrene Surugiu smiler alltid når vi besøkjer dei. Dei ser ut som verdens vennlegaste søskenflokk. I dag er alle heime og tek vel imot oss på rommet med den kjempestore køyesenga som søstrene deler; tre oppe og tre nede. Seng og madrasser har dei fått av oss tidlegare. Første gongen vi besøkte dei, delte dei ei stor madrass på golvet. Storesøster Domina er 17 år og går på skreddarlinje på vidaregåande skule. Ho er lukkeleg over ny Singer symaskin som ho har fått skaffa seg. No gleder ho seg over nytt strykejarn og -brett slik at ho kan stryka plagga ho lager. På sikt ønskjer ho å sy klede for å selgja.

 Web Surugiu jentene og mamma

Frå venstre: Mamma Luminita, Mihaela (15) som viser teikningane sine, Maria (3), Dimitria (10), Christina (8), Joana (6) og storesøster Domnica (17) med litt av kleda ho har sydd på maskina si. Suruogi får tildelt om lag 3.000 kroner av dei 25.000 som kom inn gjennom julegåveprosjektet 2012. Det vil seia at vi spør dei kva dei treng mest, og så kjøper vi inn. Denne gongen handla vi for om lag halvparten. Det betyr at vi kjem tilbake og følgjer opp familien seinare. For Surugiu er dette ei svært kjærkommen hjelp.

Web 2013 02 16 Surugiu jentene i glaset

 Søstrene vinkar ha-det frå stovevindauget.

Tekst og foto: Kåre Ness, UtanriksKårespondent, Chisinau/Moldova