Logo

Jul i februar – 2

Pavel Stefirta er 24 år og multihandicappa. I dag er han kledd i pen bukse, raud skjorte med kort arm, og vest. Mor rettar han opp i rullestolen når gjestane kjem. Pavel sitrar av forventning, og smiler oss i møte. Mor Maria har teke seg av guten kvar dag frå den dagen han kom til verda. I fleire år har Stefirta fått av midlane som kjem frå salet av julegåvekort. -Det er ein stor inspirasjon for oss. Vi er bønhøyrde, seier Maria.

Web Stefirta

Hans Bjørn er helten! Pavel gløymer aldri at det var han som kom med CD-spelaren. Pavel er glad i musikk.

Familien Stefirta bur i 6. høgda i ei typisk leiligheit i ei typisk blokk frå Sovjet-perioden. Inngangen nede er mørk. Postkassane heng på skeive. Heisen opp trang og vinglete. Har du klaustrofobi, tek du trappa. Inne i leiligheita er det lyst og triveleg. Maria held alt reint og velstelt. Ho seier at julegåvepengane lettar livet for henne og sonen. Viktigast er vaskemaskina ho kjøpte første året. Av midlane ho får i dag, kjøper ho eingangs papirbleier, vaskemiddel og anna til huset, og noko går med til å betala husleige, straum og gass. Maria Stefirta får ein delsum av pengane no. Ho veit å styra dei på ein god måte. Galina Gradinari tek vare på resten, og følgjer opp med jamnlege heimebesøk hjå Maria og Pavel.   Kåre Ness