
Synssenteret
Dagen starta på Synssenteret med utdeling og tilpassing av briller til pasientar som var utreda sist Hans Bjørn var i Moldova. Nær 50 par nye spesialbriller har han med seg denne gongen. Opplevingane for oss som er til stades er sterke. Det gjer djupt inntrykk når ein kjem så nært inn på menneske og ser den dramatiske endringa eit par speisalbriller kan føra til. For mange av pasientane er det rett og slett eit spørsmål om å vera, eller ikkje vera. Søstrene Nadola (16) og Daniela (23) er begge alvorleg synshemma, og har gått på blindeskule, men med nye briller greier dei seg bra med tanke på å meistra lesing. Daniela har fått seg jobb som heimehjelp. Nadola ønskjer å studera jus og verta advokat.Barnehage nr 74
Vi har samarbeidd med barnehage nr 74 i snart 10 år. No er alle bad og sanitærrom pussa opp og ikkje til å kjenna igjen frå "gamle dagar". Her er lyst og fint, fliselagde golv og vegger, varmt vatn, dusj og do. Hovudsponsor for oppgraderingane er Spelhaugen Dagsenter i Fyllingsdalen. I mange år gjekk inntektene frå den årleg basaren deira uavkorta til Nr 74.Stor mann, liten do. Jostein Vindenes på eit av dei nye baderomma.
Jostein Vindenes gjorde stor lukke i dag då vi besøkte nr 74. Han spurde om det var noko dei hadde akutt trong for.
-Vaskemaskina vår er øydelagt, sa styrar Liuba. - Du får ei ny i morgon, svara Jostein. Som sagt, så gjort!
Like sjarmerande kvar gong nå vi kjem til nr 74 i middagskvilen. Det er muse stille, for alle borna ligg og søv, i kommodesengene!
Elles er den store draumen for dei ansvarlege i nr 74 å ferdiggjera tilbygget der grunnmurane er reiste. Her ønskjer dei å laga ein gymsal/aktivitetssal for ungane som slit med ulike handicap. Prisen er for høg til at Hjelp Moldova kan dekka kostnaden, men vi arbeider med ulike alternativ for finansiering. Det er ein føresetnad at barnehageeigar, det vil seia kommunen, er med og tek sin del av kostnaden, eller at barnehagen kan finna fram til fleire del-sponsorar.
Grunnmuren til tilbygget på ca 70 kvadratmeter er reist.