Logo

Hans Bjørn valobservatør i Moldova

Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, var til stades under parlamentvalet 28. november 2010 for å observera forholda for blinde som ønskte å stemma. – Eg er imponert over måten dei gjorde dette på. Det var enkelt og tillitsvekkjande, seier Hans Bjørn som også fortel om stor medieinteresse for opplegget. 

-Blinde eg snakka med var takknemlege og glade for at dei kunne stemma sjølve for første gong, seier Hans Bjørn vidare og beskriv opplegget slik:

Blinde som ville delta i valet fekk utdelt lista over parti og kandidatar på førehand. Stemmesetelen, i form av ei lang papirremse, var merka med hakk på høgre sida slik at dei blinde kunne finna sitt parti eller kandidat ved å telja hakk nedover.

I vallokalet var det eigne kabinar for dei blinde velgjarane, medan vanlege velgjarar gjekk i eit meir ope avlukke for å leggja sine stemmesetlar. Før sjølve stemmegjevinga måtte alle velgjarane registristra seg, og i valkabinen stemde dei ved å trykkja eit stempel i eit felt ved sin kandidat/parti på stemmesetelen.

Resultatet løyste ikkje problemet.

Valet i november var det tredje i løpet av relativt kort tid i Moldova. Grunnlova krev at det minst må stå 61 representantar av 101 bak ein ny president for at han eller ho kan velgjast. Det lukkast heller ikkje denne gongen å danna ein slik koalisjon.

Den sist lovleg valde president var kommunisten Voronin. Etter at hans periode gjekk ut, og han ikkje lukkast med gjenval, har leiaren i parliamentet vore øvste politiske tillitsvalde i Moldova.

Ved siste valet kunne veljarane stemma på ikkje mindre enn 20 parti og i tillegg 20 uavhengige kandidatar. Det fortel litt om bakgrunnen for at det er vanskeleg å få eit styringsdyktig fleirtal.

Kåre Ness