Universitetet søkjer samarbeid om spesialistutdanning
Posted by Kaare on 20 Feb 2013 in 2013
Moldovske augelegespsialistar (oftalmologar) manglar optometridelen i utdanninga si. Det er ein av grunnane til at synshemma sjeldan får naudsynt hjelp frå helsevesenet. Hjelp Moldova har den kompetansen utdanningssystemet manglar. No jobbar vi med leiing og spesialistar ved det Statlege Medisinske Universitetet for å få til ein samarbeidsavtale der universitet kjøper tenester av oss.
Bildet, frå venstre: Hans Bjørn Bakketeig, optikar og leiar for Hjelp Moldova, Dr. Ion Ababii, MD, PhD, professor og rektor ved det statlege, medisinske universitetet i Moldova (State University of Medicine and Pharmacy), og Dr. med. Tatiana Ghidirimshi. oftalmolog og leiar for Hjelp Moldova sitt Synssenter.
Hjelp Moldova har i mange år jobba tett saman med dei to fremste oftalmologane i Moldova, professor Eugen Bendelic og særleg professor Valerui Cusnir. Cusnir er også leiar for augeavdelinga ved Municipal Universitetssjukehus der vi har arrrangert kurs og seminar, samt levert store mengder avansert optometrisk utstyr - alt gratis og på idealistisk basis.
Tatiana Ghidrimshi orienterer rektor Ababii om Hjelp Moldova og Synssenteret. På flankane konstaterer professor Cusnir (til venstre), Hans Bjørn og professor Bendelic at Tatiana får rektor med på notene.
Dagen etter møtet på universitetet var Tatiana og Hans Bjørn i gang med å vidareutvikla ei skisse over kva Hjelp Moldova kan bidra med når det gjeld kompetanseheving av augelegar. På sikt kan samarbeidet vidarførst til også å gjelda legestudentar. Seinare denne veka vil dei to drøfta opplegget vidare saman med Bendelic og Cusnir.
-Denne mannen (Hans Bjørn) har i løpet av få år gjort meir enn vi har klart i løpet av 20 år.
Sitat: Professor Valerui Cusnir

Det Statlege Medisinske Universitetet ligg ved hovudgata Stafan Cel Mare i hovudstaden Chisinau. Det var her Tatiana disputerte for doktorgraden fredag 15. februar.
Kåre Ness/UtanriksKårespondent - pt, Dt. bussjåfør