Logo

UD støttar tre-årig prosjekt

Utanriksdepartementet (UD) har gjeve tilsagn om økonomisk støtte til eit tre-årig prosjekt som sikrar vidareføring og videreutvikling av Hjelp Moldova sitt ”Prosjekt Synshelp”. Målet er å gjennomføra opplæring og kompetansehevande tiltak i samtlige 32 regioner i Moldova, og tilføra naudsynt utstyr for diagnostisering og behandling av synshemma. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med det medisinske universitetet i hovudstaden Chisinau og universitetssjukehusa. -Dette er ein stor dag for oss og for alle synshemma i Moldova. Støtta og samarbeidet med UD gjer oss i stand til å verkeleggjera målsetjinga vår: Å tilføra alle som arbeider med synshemma den kunnskapen og kompetanse dei treng for å hjelpa svaksynte og blinde slik at desse får tilgang til utdanning og arbeid og høve til å ta del i vanlege, sosiale aktivitetar, sier Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova. Bildet: Ung mann med nye spesialbriller som sikrar han arbeid og inntekt. Støtta frå UD er på nær ein million kroner kvart år i tre år. Hans Bjørn understrekar likevel at den frivillige innsatsen for å skaffa midlar må halda fram, minst like hardt som til no: - Pengane frå UD skal nyttast til kompetanseheving og utstyr. Det kjem i si tid til å auka trongen for synshjelpemiddel, og vil stilla endå større krav til drifta av Synssenteret. Betydningen av kvar einaste innsamla krone vil derfor vera viktigare enn nokonsinne.

 All vår innsats er hjelp til sjølhjelp.

Stoda for synshemma i Moldova er framleis svært lite tilfredsstillande, og kunnskapen om korleis dei kan integrerast i vanleg samfunnsliv er liten, sjøl blant augelegar. Det offisielle Moldova har ingen tilbod til synshemma utanom det Hjelp Moldova har bygt opp gjennom dei siste 10 åra.

2009 03 TV Opning Senteret Web

Den moldovske vise-sosialministeren opna Synssenteret i 2009, og hendinga kom som innslag på moldovsk dagsrevy. Leiar for senteret, dr. Tatiana Ghidirimshi til venstre, vise-ministeren i midten, og Hans Bjørn Bakketeig til høgre.

I 2009 opna Hjelp Moldova "Det nasjonale kompetansesenteret for Synshemma" i hovudstaden  Chisinau, og tilsette augespesialist Tatiana Ghidirimshi som leiar. Senteret yter help til legar og pasientar over heile landet. I mars 2013 tok Tatiana doktorgraden på tema ”Integrering og rehabilitering av synshemma” som den første i Moldova.

2011 05 16 Tatiana og jente WEB

Tatiana og Hans Bjørn har utreda over 7000 pasientar i løpet av dei 10 siste åra. Her Tatiana med ei åtte år gammal jente med  nye briller som gjer at ho kan gå på vanleg skule. 

Dei synshemma kan  gå frå å vera ei byrde for heim, skule og samfunn til å vera ein ressurs.

Pr dato har Hans Børn og Tatiana halde kurs i 19 av landets  32 regionar. Deltakarar har vore alle offentleg tilsette augelegar ved poliklinikkar og sjukehus. I 10 av regionane har sjukehus og poliklinikkar fått tilført naudsynt utstyr for diagnostisering og behandling av synshemma. Vidare har vi starta arbeidet med kompetanseheving i ni nye regionar i Nord- Moldova. Dette ønskjer vi no å fullføra, samt tilføra naudsynt utstyr. Vi ønskjer å gå inn i samtlige regionar og arbeida vidare med systematisk kompetanseheving vidareututdanning og lagbygging, samt tilføra naudsynt utstyr. Alle desse kursa går også inn som ein del av den statlege, obligatoriske etterutdanninga som vert krevd for at legane får behalda autorisasjonen.

2012 03 09 Jna undervisar kirurgar Municipal

Augekirurg Jan Askvik  (til venstre) frå Bergen Øyelegesenter brukar kvart år ei veke av si fridtid til å undervisa sine moldovske kollegaer i teori og praksis. Her med ei gruppe legar på kurs ved Municipal Universitetssjukehus i Chisinau. I kvit frakk nærast Jan sit ein av våre viktige samarbeidspartnar, professor Valeriu Cusnir, som er den fremste på sitt område i Moldova. Til høgre i bildet står Tatiana Ghidirimshi; her i rollen som tolk. Hjelp Moldova er også i gang med eit samarbeid som involverer Det medisinske universitetet i Moldova (State Medical and Pharmaceutical University). Universitetet ønskjer å nytta Synssenteret som del av augelegestudiet med tanke på metodikk for synssrehabilitering. Dette manglar i dagens utdanning. Leiinga ved universitetet seier at dei ser på dette som ein del av å tilpassa undérvisinga til internasjonal standard. På denne måten er vi med på å leggja til rette for at studentar frå Moldova kan hospitera og / eller ta si utdanning ved andre universitet i Europa. Våre moldovske samarbeidspartnarar skal ha det koordinerande ansvar, og ansvar for å motivera sine samarbeidspartnarar og kollegaer til å delta. Dei skal syta for praktisk tilrettelegging for kurs og seminar, og inkludera kompetansehevinga som ein del av augelegestudiet og den obligatoriske etterutdanninga av legar. Når prosjektet er fullført etter tre år, skal alle regionane ha nytt og funksjonelt utstyr for utredning og behandling av synshemma. Mest mogeleg av utstyret skal kjøpast i Moldova  for å stimulera lokalt næringsliv. Hans Bjørn Bakketeig er fagansvarlig for prosjektet saman med Dr Tatiana Gidirimshi. Dei to har utreda meir enn 7000 svaksynte i Moldova; ovér 80 prosent av desse er born. Dei fleste har fått eit  tilnærma normalt liv ved hjelp av synshjelpemiddel. 2012 06 15 Hans Bjørn World Opometrist 2       Hans Bjørn fekk i  2012 utmerkinga "International Optometrist of the World" frå Det internasjonale optikarforundet for sin innsats i Moldova.                 Kåre Ness, tekst og foto