Logo

21. mai: Flott musikalsk, norsk kveld i Chisinau

Det var høgtideleg å vera nordmann i Chisinau, Moldova tysdag 21. mai. I høve feiringa av den norske nasjonaldagen inviterte den norske ambassaden til norsk konsert med National Philharmonic of Chisinau under leiing av dirigent Torodd Wigum, og med pianist Else Bø som solist. På programmet sto stykke av Edvard Grieg, Johan Svendsen, Edvart Fliflet Bræin og Terje Bjørklund. Moldova deler norsk ambassade med Romania. Ambassadøren har sete i Bucuresti. Dei siste fem åra har ambassaden arrangert norsk konsert i Chisianau i mai i høve feiringa av den norske nasjonaldagen. Denne gongen var det vise-ambassadør Herman Baskår som sto i spissen for arrangementet saman med trainee Gjertrud Fosdal.

 2013 05 21 Ambassadøren + trainee HBB og TG

Frå venstre: Trainee ved ambassaden, Gjertrud Fosdal, vise-ambassadør Herman Baskår, leiar for Hjelp Moldova, Hans Bjørn Bakketeig og leiar for Synssenteret, dr Tatiana Ghidirimshi før konserten med det Nasjonale Filharmoniske Orkester i Chisinau tok til. Tidlegare på dagen hadde vise-ambassadør Herman Baskår og trainee Gjertrud Fosdal sett av god tid til møte med Hjelp Moldova. Tatiana og Hans Bjørn orienterte grundig om innsatsen til den norske hjelpeorganiasjonen, status for arbeidet og planane framover. - Det var tydeleg at Baskår hadde god kunnskap om arbeidet vårt. Han roste innsatsen, og inviterte til dialog og samarbeid i tida frametter. Eg er takksam for at ambassadøren ville møta oss, og glad for invitasjonen til den flotte konserten om kvelden. Vi norske følte det som ei ære å vera i salen, og vi  var stolte over musikken og framføringa, seier Hans Bjørn Bakketeig.

 2013 05 21 Dirigent Torodd Wigum og Irina Martiniuc

Seremonileiar Irina Martiniuc introduserer dirigent Torodd Wigum. Wigum har dirigert dei fleste store, norske orkester, ei rekkje utanlandske, og var i Moldova for tredje gong denne maikvelden i år. Ei rekkje norske organiasjonar arbeider med ulike tiltak i Moldova. Konserten vart ein fin møtestad for nokre av desse. Hjelp Moldova kom i god kontakt med mellom anna representantar for NORLAM, "The Norwegian Mission of Rule an Law Advisors to Moldova", og ser fram til å komma i nærare kontakt med NORLAM seinare.

2013 05 21 Heile svcena dirigent og pianist

Konserten er over. Dirigent  Wigum har fått blomar, og solist på piano, Else Bø likeså. Saman med orkesteret tek dei mot applaus frå publikum. Tekst og foto: Kåre Ness