Logo

Årsmøte i Hjelp Moldova vert halde 27. februar 2011

Årsmøte 2011

Neste årsmøte i Hjelp Moldova vert halde sundag 27. februar 2011 kl 18.00 i lokala til Hjelpemiddelsentralen (NAV)  på Kokstad.

På saklista står dei vanlege årsmøtesakene med årsmelding, val og handlingsplan.

Berre medlemmer har stemmerett på årsmøtet. Det er høve til melda seg inn som medlem om du kjem på årsmøtet og betaler kontingent før møtet tek til. Kontingenten er kr 150 for enkeltpersonar og 200 for familiemedlemskap.

Vel møtt!

Kåre Ness