Logo

Statsministeren sin rådgjevar lovar hjelp

Hjelp Moldova hadde i dag, (onsdag 22. mai) eit godt og positivt møte med Eremei Prieseajnicuc, rådgjevar for statsminister Iurie Leanca.  Prieseajnicuc verka oppriktig interessert i arbeidet vårt, og lova å hjelpa til med å skaffa meir tenlege for Synssenteret vi driv i Chisinau, og som sørvar heile den moldovske republikken. Vi har i mange år freista å få moldovske styresmakter til å ta delansvar for det Hjelp Moldova har bygt opp gjennom 10 års arbeid med og for synshemma. Vi har hatt mange møte med ministrar og toppolitikarar i helsedepartementet og departementet for arbeid, familie og sosiale saker. Resultatet er så langt er mykje ros, verbal støtte og klapp på skuldra. Vi har også fått skriftleg tilsagn (for to år sia) om hjelp til å skaffa større og meir tenlege lokale for Synssenteret vi etablerte i 2009; høgtideleg opna av dåverande vise-sosialminister. Men slik den politiske stoda er i Moldova i dag, ser heller ikkje skriftlege lovnader å vera verdt meir enn papiret dei er skrivne på.

2013 05 22 Eremei Priseajniuc Statsministerrådgjevar HBB og TG

Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, gav Eremei Prieseajnicuc ei grundig innføring i arbeidet Hjelp  Moldova har utført i Moldova gjennom 20 år. Statsministeren sin rådgjevar lytta, noterte og diskuterte med stor interesse. Til høgre sit Tatiana Ghidirimshi som er leiar for det Nasjonale Kompetansesenteret for Synshemma. For tre månader sia disputerte ho, som den første i Moldova, for den medisinske doktorgraden over tema rehabilitering og integrering av synshemma. Til det motsette er bevist, er vi optimistiske med tanke på at Eremei Prieseajnicuc kan vera den som hjelper oss med gjennombrotet vi arbeider hardt for å få. Han verka pinleg berørt og sa seg lei for dei mange brotne lovnader vi har vore utsett for. Han lova å orientera statsministeren om saka, og ta oppatt problematikken om nye lokale med helseministeren. I første omgang skriv vi brev til rådgjvaren med ein gjennomgang av det vi har utført i Moldova gjennom 20 år, kvar vi står pr dato, om samarbeidet vi har med det norske Utanriksdepartementet og midlane vi har fått der frå, og kva dette medfører av av aktivitetar dei neste tre åra. (Sjå innlegg på denne sida datert 25. april).   Tekst og foto: Kåre Ness