Logo

Redd for at briller og leseTV er skadelege hjelpemiddel…

Vesle Semion (3) er fødd svaksynt, har ein komplisert diagnose, men er heldig som har foreldre og storfamilie som bryr seg, og følgjer han opp på alle måtar. Etter dagens augesjekk på Synssenteret, bestemmer Tatiana og Hans Bjørn at Semion skal få med seg leseTV heim. Bestefar og bestemor, som er er med på senteret, spør om bruken av leseTV kan skada synet som er skrøpeleg frå før. Spørsmålet kjem ikkje uventa, for i tradisjonell aust-europeisk  behandling er det ein vanleg oppfatning at den synshemma må vera forsiktig med synsresten han eller ho har, og at bruk av hjelpemiddel kan skada synet. Bildet: Semion trygg på mammas arm, og oppteken med å fokusera på pennen med raudt, blinkande lys.

2013 05 23 Semion Bobdarenko + Mamma med CCTV

Simenon utforskar leseTV'en. Mamma til venstre, og Tatiana i bakgrunnen.

Simenon stortrivst framfor leseTV'n. Han greier å gjenkjenna figurar og teikningar, og vil heilt sikkert ha stor nytte av dette hjelpemiddelet. Hans Bjørn gjentok fleire gonger overfor mamma og besteforeldra til guten kor viktig det er at dei stimulerer Simeon til å nytta leseTV'en. - Tenk om guten på sikt mister synet. Då er det viktig at ha frå tidleg alder har lært seg skilnaden på liten og stor, gjenkjenna figurar, og læra fargane. Til dette er leseTV'en eit glimrande hjelpemiddel, seier Hans Bjørn. Denis Lunga er 22 år gammal, arbeidslaus og bur med foreldra. Han er svaksynt, har tunnelsyn og risikerer å verta blind. Han er plaga med ballansen, skilja fargane, og gå i trapper. Hans største ønskje er å få seg eit arbeid og stå på eigne bein.

2013 05 23Denis Lunga + HBB og TG

Hans Bjørn og Tatiana bruker lang tid på å lytta til og samtala med pasientane. Her fortel Denis Lunga om korleis han opplever kvardagen. Rådgjeving overfor kvar enkelt pasient og familiane deira er ein viktig del av arbeidet. Tatiana og Hans Bjørn  ønskjer å etablera ei rådgjevingsteneste på nasjonal basis for synshemma og andre handicappa.

- Dei fleste av pasientane våre er ressurssterke og flinke. Dei har krav på å verta tekne på alvor og få naudsynt hjelp slik at dei kan stå på eigne bein og  bidra i arbeidsliv og samfunnsliv. Det er ei viktig oppgåve for oss å få til til dette, seier Hans Bjørn.

I alt vart seks pasientar utreda på Synssenteret i dag. Før det besøkte vi Barnehage nr 74. Vi har støtta denne barnehagen på ulike måtar i snart 10 år. Barnehagen ønskjer seg eit tilbygg med rom for ei aktivitetsavdeling for ungane som har ulike psykiske og fysiske handicap. Ved hjelp av midlar kanalisert gjennom Hjelp Moldova er ytterveggane reiste. Det trengst eit par hundre tusen  kroner til  for å fullføra. Vi arbeider for å finna finasiering til dette.

2013 05 23 Tilbygget Nr 74

Grunnmurane er ferdige. No gjeld det i første omgang å få tak på tilbygget. Elles vil murane forfalla.

Vi ser på nyheiten heimefrå, og forstår at ekstremveret herjar i store delar av landet. Vi har godt sommarver med nær 30 grader på dagtid. Kvar kveld siste dagane har det vore ein variant av ekstremver i Chisinau og, med kraftig lyn og torden, og regnbyger så kraftige at vi knapt har opplevt liknande.

2013 05 23 HBB og GG Nr 74 mykje vatn

Sømjebasseng famfor inngangspartiet i Barnehage nr 74. Hans Bjørn loser Galina Gradinari trygt fram til inngangsdøra. Styrar Ljuba ønskjer velkommen inn.   Tekst og foto: Kåre Ness