Logo

20. desember: Ana og Andrej har alt fått presang frå Julegåveprosjektet!

Julegåveprosjektet 2010  fekk inn over 17.000 kroner! Søskenparet Ana (12) og Andrej (9) har i god tid før jul fått seg nye sko for julegåvepengar frå Norge. Dei foreldrelause søskena er mellom dei som får nyta godt av midlane frå Hjelp Moldova sitt Julegåveprosjekt.

 

Bildet: Ana og Andrej fekk møte julenissen framfor det store juletreet på torget i Chisinau.

Ana og Andrej mista faren like før jul og  får no hjelp av naboar, den tyske hjelpeorganisasjonen ORA international Moldova, samt Hjelp Moldova. Den alkoholiserte faren evna lite å ta hand om borna, og det var 12 år gamle Ana som sto for hushald og orden i den vesle familien. Mora døydde i barsel for nokre år sia.

Hjelp Moldova besøkte familien på turen i haust. Det førte til at familien kom på vår liste over julegåveprosjektet 2010.  Gjennom vår kontakt med ORA vart det kjøpt inn nye vintersko til borna. ORA har sørga for at dei har fått nytt og godt vintertøy elles, og at dei fekk møta sjølvaste julenissen då dei var på besøk i hovudstaden Chisinau. Meir om årets julegåveprosjekt finn du i særskild sak annan stad på web-sidene våre.

Tekst: Kåre Ness

Foto: ORA International Moldova