Logo

Viser prisbelønna dokumentarfilm frå Moldova på årsmøtet

Dokumentarfilmen”Europas bakgård”, laga av Ida Kleppe i Corax film i nært samarbeid med Hjelp Moldova, har vunne pris for beste internasjonale dokumentarfilm på WT Os Intenasjonale Filmfestival på Os.  Utdrag frå filmen vert vist på årsmøtet til Hjelp Moldova 27. februar 2011. Bildet: Olia er ei av dei fire kvinnene vi møter i filmen. Ho greier seg sjøl på garden sin og har mista trua på mannfolk etter å ha overlevt fleire ektemenn. Festivalen som gjekk føre seg på Os i november er liten, men konkurransen  likevel hard. Fleire frå Hjelp Moldova var til stades under visninga, og då premiane skulle delast ut, viste det seg at det var nettopp denne filmen som vann. Juryen sa i si grunngjeving at dei tykte filmen var ei sterk og personleg skildring av fire kvinneskjebner i eit land som dei ferraste kjenner til, til tross for at det ligg midt i Europa. NRK viser filmen ein gong i 2011. Sendedato er ikkje offentlegjort så langt. Det er imidlertid klart at Ida Kleppe kjem og viser filmen, eller utdrag frå filmen, på årsmøtet til Hjelp Moldova 27. februar 2011. -Kva betyr det å få ein slik pris? - Det betyr mykje for oss å bli nominert til, og å vinne ein slik pris. Fyrst å fremst er det kjekt å få heder for det arbeidet ein har lagt ned. Det er også viktig for distribusjonen av filmen til eit internasjonalt marknad, og då særleg til TVkanalar i utlandet. Men også for mogelegheita til å lage meir film i framtida, er dette viktig. Finansiørar, tv-kanalar og andre samarbeidspartnarar går lettare inn med midlar til filmskaparar som har vunne prisar, seier prisvinnar Ida Kleppe. Kort om filmen ”Europas bakgård”:   I Moldova møter vi Eva, Olia, Olga og Veronica, fire sårbare og sterke kvinner, med fire svært ulike skjebnar. Ved å bli kjent med desse kvinnene, blir vi kjent med kvardagen i Europas fattigaste land. Ved å sjå kva for val dei tek, påverka av deira samfunn og samtid, blir vi kjent med ein nasjon som slit med å kome ut av skuggen av det gamle Sovjet.   Meir om filmen og produksjonen finn du her: http://www.corax.no/ferdige-produksjoner/article/europas-bakgaard/ Om WT Os Intenasjonale Filmfestiva: WT Os Filmfest er ein filmfestival der norske og internasjonale filmskaparar kan sende inn filmar. Nokre av filmane vert vist i løpet av festivalveka, som er i november kvart år. Festivalen vert avslutta med ei prisutdeling til dei beste filmane Frå heimesida til organisasjonen: "WT-festivalen vert drifta av eit frivillig initiativ, driven av gåvmilda og viljestyrka til filmmiljøet i Os i Hordaland. Hovudmålet med festivalen er å inspirere lidskap og entuasiasme for film, oppfordre og hjelpe unge, uetablerte filmskaparar, promotere kystkultur og kulturarv i Vestnoreg gjennom film, og fungere som ein møteplass og felles grunn for filmelskarar frå alle kår. Det er vår intensjon å leggje til rette for ei heilt unik oppleving for så mange som mogleg, som fungerer som ei oase frå forbrukskulturen som rådar innan film. WT-festivalen er ein gratisfestival; her finst ingen billettprisar eller inngongspengar." Link til filmfestivalen si heimeside: http://www.wt-festivalen.no/nn/om-wt Kåre Ness