Logo

Grieg Foundation gir 400.000 kroner til Synsprosjektet

Frå Grieg Foundation har vi i dag, 14. januar 2011, fått brev med denne fantastiske teksten:

“Takk for søknadsbrev av 1/11-10 med informasjon om det gode arbeid som gjøres for synshemmede i Moldova.  Søknaden har nå vært behandlet i Grieg Foundations styre, og vi har gleden av å meddele at vår stiftelse vil bidra med: NOK 400.000,-

Vi ønsker lykke til videre.”

Vennlig hilsen

GRIEG FOUNDATION, Per Grieg sr

Hans Bjørn Bakketeig er så rørt over Grieg Foundation sitt store bidrag at det er så vidt han greier å framføra dei gode nyheitene når han ringjer rundt til styremedlemmene. Leiaren for Hjelp Moldova sier at midlane sikrar drift av Kompetansesenteret for synshemma i 2011. Vi har no pengar til å gjennomføra dei planlagde aktivitetane i inneverande år, midlar til naudsynte hjelpemiddel og lønningar til dei tilsette.

-Grieg Foundation har vore vore eineståande generøse med Hjelp Moldova dei siste åra. Utan deira støtte kunne vi ikkje ha jobba opp Kompetansesenteret for synshemma, og tilbodet til synshemma i Moldova, til det nivået vi har gjort, seier Hans Bjørn.

Totalt dei siste åra har Grieg Foundation støtta Synsprosjektet med 1.450.000 kroner.

Kåre Ness