Logo

Tett program for mars-turen 2011

I mars 2011 reiser Hans Bjørn Bakketeig, optikar og leiar for Hjelp Moldova, til Moldova saman med augekirurg Jan Askvik og Kåre Ness. Jan Askvik skal undervisa sine moldovske kollegaer i moderne augekirurgi, samt operera nye pasientar. Hans Bjørn Bakketeig skal følgja opp organisasjonen sine aktivitetar i Moldova med hovudfokus på Synssenteret i hovudstaden Chisinau. Vi reknar også med å få eit møte med enten ministeren for sosiale saker, eller med helseministeren. Dato for dette er enno ikkje avklara. Ein trailar fullasta med optisk, medisinsk og anna utstyr kjem til Chisinau 9. mars. Sjåfør er som vanleg Nils Fredrik Nilsen.

Under finn du ein førebels dagsplan for besøket.

Førebels program, mars 2011.

8. mars         Hans Bjørn og Kåre kjem til Chisinau.

9. mars          Besøk i barnehage 74. Nils Fredrik kjem med trailaren.

10. mars       Tollklarering på trailer-lasta.

11. mars       Traileren skal lossast.

12. mars       Synssenteret, pluss besøk/oppfølgjing av familiar som har fått støtte frå organisasjonen (Raiu, Anna og Aleksander).

13. mars       Synssenteret, pluss besøk/oppfølgjing av familiar (Stefirta og Surogio). Jan Askvik kjem til Chisinau.

14. mars       Jan, Kåre, Tatiana, Galina og Hans Bjørn reiser til Balti. Jan opererer og underviser på sjukehuset i byen.

15. mars      Ettermiddag: Jan and Galina reiser frå Balti til sjukehuset i Ungheni.

I Chisinau: Mogeleg dag for møte med ministeren for Tatiana, Hans Bjørn og Kåre. Arbeid på synssenteret. Besøk i barnehage for synshemma i Chisinau.

16. mars      Jan underviser og opererer på sjukehuset i Ungheni. Kåre, Tatiana og Hans Bjørn reiser til Ungeheni.

Alle tilbake til Chisinau om kvelden.

17. mars       Alle til sjukehuset Municipal i Chisinau, eventuelt til sjukehuset i Cimislia. (Ministerbesøk?)

18. mars       Alle til sjukehuset i Cimislia Municipal, eventuelt til sjukehuset Municipal i Chisinau.

19. mars      Møte på sjukehuset Muniscipal. Jan opererer og underviser på Municipal.

20. mars      Besøk på gamleheim i Cosiest.  Jan reiser heim.

21. mars       Kåre and Hans Bjørn på Synssenteret saman med staben der.

22. mars       Kåre og Hans Bjørn reiser heim.

Kåre Ness