Logo

Optometri-revolusjon på gang

Hjelp Moldova gjennomførte denne veka ei rekkje spennande møte med ei rekkje spennande samarbeidspartnarar frå fleire land. På sikt kan møta resultera i eit gjennombrot for optometrifaget, ikkje berre i Moldova, men inkludera fleire av statane i “gamle” Aust-Europa. Synshemma i desse landa kan få sin livssituasjon dramatisk betra.

Bildet: Bente Monica Aakre frå Høgskolen i Buskerud sitt første møte med moldovsk vin (av merke Purcari), overrekt av Tatiana Ghidirimshi og Valeriu Cusnir.

I løpet av nokre hektiske dagar var representantar frå Moldova, Australia, Canada og Norge på ekskursjon til Høgskulen i Buskerud, avdeling for optometri, i planleggingsmøte med Norges optikarforbund i Oslo, og på visitt hjå seniorrådgjevar Håvard Austad i Utanriksdepartementet.

Bakgrunnen for møta ligg i at Verdas Optikarforbund på verdskongressen i Chicago i 2012 heidra Hans Bjørn Bakketeig med tittelen “Optometrist of the World” for sin innsats for synshemma i Moldova. Hans Bjørn peika i sin takketale på at forholda for synshemma i Aust-Europa var verre enn i nokon andre land, og utfordra optikarforbundet til å engasjera seg i desse områda.

Fleire merka seg nettopp dette, og tok prisvinnaren på ordet. I etterkant har Hans Bjørn hatt særleg god kontakt på Skype med kanadiske Luigi Bilotto og australske Stephanie Looi; begge to avdelingsdirektørar i Brian Holden Vision Institute. Instituttet arbeider i ei rekkje land over heile verda for å betra forholda for svaksynte og hindra at folk vert blinde.

2013 11 19 Utanfor Stortinget WEB

Litt tid til å vera turistar; her utanfor Stortinget: Stephanie Looi, Unni Jervell, Bente Monica Aakre, Eugen Bendelic, Luigi Bilotto og Valeriu Cudsnir.

Luigi og Stephanie hadde begge teke turen til Oslo i veka som var for å møte Hans Bjørn i Hjelp Moldova og Anne N Jervell, leiar i Norges Optikarforbund. Frå Moldova kom leiar for Hjelp Moldova sitt kompetansesenter for synshemma, Tatiana Ghidirimshi, og dei to fremste augespesialistane i Moldova, professorane Valeriu Cusnir og Eugen Bendelic. Målet var å arbeida vidare med planlegginga av eit optometristudium som vidareutdanning for moldovske augelegar.

I samarbeid med Norges Optikerforbund, Høgskolen i Buskerud (HiBu) og Hjelp Moldova har Brien Holden Vision Institute laga ei skisse til eit slikt studium. Oppstart er sett til mars 2014. Kurset skal gå av stabelen ved det medisinske universitetet i Chisinau og har ei varigheit på 13 veker. I første omgang vert kurset tilbydd praktiserande augespsialistar som på denne måten vil få ei basisutdanning i optometri; noko dei manglar. På sikt er målet å oppretta ein optometri-modul som skal gå inn som obligatorisk studium for augelege-studentar .

Første dag, måndag 18. november, gjekk turen til Høgskulen på Kongsberg (HiBu) som er ein av dei beste i Europa når det gjeld utdanning av optometristar/optikarar. Leiar for optometriutdanninga ved skulen, Bente Monica Aakre, tok imot og viste fram eit utdanningsopplegg som imponerte alle; ikkje minst moldovarane. HiBu vil vera ein ressursbase for den nye optometriundervisinga i Moldova saman med Brien Holden Vision Institute, Norges Optikarforbund og Hjelp Moldova.

2013 11 19 Moldova Gruppe UD WEB

Møte i UD: Stephanie Looi, Tatiana Ghidirimshi, Hans Bjørn Bakketeig, Eugen Bendelic, Håvard Austad/UD, Luigi Bilotto, Anne Jervell, Bente Monica Aakre og Valeriu Cusnir.

Andre dag møtte gruppa, inkludert Bente Monica Aakre frå HiBu, seniorrådgjevar Håvard Austad i Utanriksdepartementet (UD). Forutan å rapportera om arbeidet i prosjektet UD har løyvt midlar til, fekk Austad orientering om planane skissert ovanfor. Austad sa han var imponert over gode resultat oppnådd på relativt kort tid, og såg positivt på å motta søknad om støtte også til optometriutdanninga. Han understreka at konkurransen om midlar til prosjekt i Moldova er stor, og mykje av midlane framover er alt er disponert.

Tatiana Ghidirimshi og dei to professorane frå Moldova var over måte begeistra for det dei opplevde under norgesbesøket.

-Dette er som eit eventyr; ein draum som går i oppfylling. Vi er glade og takksame. Det vi er med på har stor betydning for innbyggjarane i Moldova, sa Tatiana. Professorane Cusnir og Bendelic jubla, og ser fram til å jobba vidare med å forankra utdanninga i moldovsk lovverk og i det medisinske universitetet sitt planverk.

Hans Bjørn seier at etableringa av optometriutdanning i Moldova er eit gjennombrot for faget i den tidlegare sovjetrepublikken. Han legg til – med glimt i auga:

– Vi må rekna med at det vil vekkja stor interesse også i nabolanda. Kanskje vi er i ferd med å starta ein aldri så liten optometri-revolusjon i gamle Sovjetunionen.

2013 11 19 Luigi og Stephanie Luigi Bilotto og Stephanie Looi frå Brien Holden Vision Institute orienterer om muligheitene for optometriutdanning i Moldova.

Om Brien Holden Vision Institute: (http://www.brienholdenvision.org)

“At Brien Holden Vision Institute, we believe that sight is a fundamental right for everyone, everywhere. Our mission is to develop new solutions for vision care and eliminate vision impairment and avoidable blindness, thereby reducing poverty and suffering”.

 

Tekst og foto: Kåre Ness