Logo

Meir historisk i Moldova

Alt ligg no til rette for oppstart av optometriutdanning  i Moldova. Landet har, som alle dei andre statane som var innlemma i Sovjet-unionen, mangla slik opplæring. Den 10. mars neste år er oppstartdato for første kurs der 12 moldovske augelegar deltek.

Bildet: Professorane Cusnir og Bendelic er dei fremste augelegane i Moldova. For dei er ein draum i ferd med å gå i oppfylling.

Det er stor rift blant legane for å få vera med på kursa som strekkjer seg over 13 veker med teori, praksis og sjølstudium. Til første kurset er det plukka ut 12 unge og ambisiøse augespesialistar. I løpet av 2014 og 2015 er det planlagt ytterlegare tre kurs med 12 – 14 deltararar kvar gong.

2013 12 15 Tatiana - Cusnir - Bendelic - Hans Bjørn på Hotel Arus

Møte på Arus hotell i Chisinau: Frå venstre Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, Professor Cusnir ved Municipal Universitetssjukehus, og professor Bendelic ved Republikan Universitetssjukehus og Det medisinske universitetet i Chisinau. Til høgre dr med Tatiana Ghidirimshi, leiar for Hjelp Moldova sitt nasjonale kompetansesenter for synshemma.

Møtet i dag var ei oppfølgjing av norgesbesøket dei tre moldarane føretok for nokre veker sia. Dei møtte då representantar for Brian Holden Vision Institute, Norges Optikarforbund, Høgskulen i Buskerud, Utanriksdepartementet og Hjelp Moldova. (Sjå omtale tidlegare). Alle desse samarbeider om etbleringa av det nye studiet i Moldova.

-I dag ville vi forvissa oss om at alt går etter planen med det moldovarane sjølve skal ha ansvar for; slik som forholdet til det medisinske universitetet i Chisinau, moldovske styresmakter og lovverk, undervisingslokale og avklaring av kven som skal delta, seier Hans Bjørn Bakketeig og legg at han no er trygg på at alt er i godt gjenge.

Neste trinn kjem hausten 2015 med oppstart av tre-årig optometriutdanning på full tid. Det vert det verkeleg store gjennombrotet for dette sterkt forsømte faget i Aust-Europa. Det er grunn til å tru at det nye studiet kjem til å vekkja oppsikt og stor interesse i dei andre sokalla austblokklanda.

Tekst og bilde: Kåre Ness