Logo

Sjekkar, systematiserer og sanerer

Heine Oen er til dagleg service ko-ordinator ved NAV Hjelpemiddelsentralen på Kokstad. Denne veka er Heine i Chisinau og nett no nyt Hjelp Moldova godt av av teknikar-kompetansen hans. Heine går gjennom alt utstyr vi har ståande på lager, ser til at det er i  orden, og klarerer det for utlevering. Bildet: Heine Oen sjekkar leseTV som står på lager og ser til at dei er OK for utlevering. Totalt har Hjelp Moldova fått og levert nær 500 leseTVár til Moldova. Eit leseTV er eit apparat som forstørrar opp tekst eller bilde på ein TV-skjerm. Det står omlag 50 apparat på Hjelp Moldova sitt lager i Chisinau. Dei går ut jamnt og trutt til nye brukarar som får hjelpemiddelet til odel og eige, utan kostnad. Ein del apparat har stått ganske lenge, og no var det tid for å ta ein sjekk på lagerbehaldninga.

2013 12 16 Heine og Liuba ser på maskinparken

Heine og Liuba i ferd med  skaffa seg oversikt over leseTVáne som står på lager. Liuba er sjukepleiar i full stilling på Hjelp Moldova sitt kompetansesenter for synshemma. Her assisterer ho Heine som er godt i gang med å få oversikt og utføra naudsynt vedlikehald.

LeseTVáne kjem som gåve frå ulike NAV Hjelpemiddelsentralar i Norge; dei fleste frå sentralen på Kokstad. Apparata er av ulik alder og ulike merke. Heine systematiserer behaldninga, ser til at apparata verkar,  og at dei kan delast ut til nye brukarar. Ein del apparat har skader eller feil, og må sanerast. Men dei aller fleste er i grei stand, og vil fungera fint for den svaksynte som får eit eksemplar i gåve frå Synssenteret.

Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent, Chisinau/Moldova