Logo

Jul på forskot – glede og tårer

I desse dagar møter vi samtlege familiar som får nyta godt av pengane frå årets julegåveprosjekt. Realiteten er at hjelpa for mange er eit vere eller ikkje vere, og faktisk er det som bergar familiar eller enkeltmenneske gjennom ei vanskeleg tid.

Bildet: 10 år gamle Mihaela og familien hennar får mat, nye klede og leiker i julegåve. 

Tapre Mihaela (10)

Vi har fleire gonger fortald om våre møte med Mihaela, 10-åringen som fekk kreft i hjernen og nesten vart blind. No er kreften på retur og synet i betring. Ho bur med bror, søster, mor og stefar i eit knøttlite hus i Dubasar i moldovsk område aust for elva Nistru.

2013 12 Mihaela + mamma og TatianaMihaela i midten, med mamma på høgre side og Tatiana, leiar for synssenteret, på venstre. Mihaela er kjempeglad for all støtte og hjelp ho har fått dei siste åra, og som no held fram gjennom julegåveprosjektet. Tatiana er helten hennar. Ingen har knuseklemmar som dei Mihaela gir bort.

Vi har følgd opp Mihaela frå Tatiana fekk henne som pasient for eit par år sian. Mihaela er er flink og flittig, og vi vonar det skal gå henne og familien hennar godt. I dag var Mihaela og mamma på Synssenteret der Mihaela fekk sjekka augene, og vi nytta høvet til å overrekkja del 1 av årets julegåve. Vi lova å helsa og takka alle gjevarar i Norge.

Søstrene Julia (17) og Tatiana (20)

var også invitert til senteret i dag. Julia er sterkt synshemma. Heldigvis (og tilfeldigvis) kom ho i kontakt med Synssenteret der Tatiana og Hans Bjørn hjelpte henne med diagnose og nye briller. No bur ho heime med mora i landsbyen vest i Moldova. Ho har fått seg jobb på ein lokal fabrikk, medan søstra jobbar i Chisinau. Julia er heldig som har ei sterk storesøster som støtter og hjelper henne.

2013 12 16 Julia + Tatiana + Hans BjørnJulia (til venstre) er svært takknemleg for hjelpa ho har fått av Hans Bjørn på synssenteret. Storesøster Tatiana er også god støtte. Ved hjelp av julegåvepengar og kanskje litt til ønskjer Hjelp Moldova å sikra Julia ei utdanning som kan sikra henne jobb i byen på litt sikt – slik ho har lyst til.

Vesle Vladic (7)

har ein vanskeleg diagnose. Han har medfødt katarakt (stær) på eine auga og ser lite på det andre. Katarakten var ikkje oppdaga før Vladic kom på Synssenteret for eit halvt år sian. Tatiana kontakta ein privat klinikk i Chisinau og ba om operasjon for guten. Det var ikkje berre berre, for ein slik operasjon kostar mange tusen kroner, og familen er lut fattig. Far og mor har berre inntekt frå tilfeldig sesongarbeid, og slit økonomisk. Til all lukke fekk Tatiana ja, og kirurgen på sjukehuset greidde skaffa sponsorar som betaler for operasjonen.

-Har du sendt brev til nissen med julegåveønskje, spør Tatiana. -Nei…, svarer Vldic. – Men kva ønskjer du deg? spør Tatiana vidare? – Ein sååå stor lastebil, seier Vladic og viser med hendene. Så legg han til: -Men aller mest ønskjer eg meg litt betre syn!

2013 12 16 Hans Bjørn + Vladic (7) og mammaVanlegvis får ikkje familiane pengar i neven, men vi kjøper det det seier dei har mest bruk for. Men Hans Bjørn stolar på at mamma og Vladic nyttar pengane godt og gir dei 1000 kroner av julegåvepengane. Det sikrar julemat, sko til søstrene på 9 og 11 og ein stor leikebil til Vlaic som aldri før har sett så mange pengar som dei han og mamma fekk i dag. I januar skal vi kjøpa ein gasskomfyr til familien. Dei manglar kokemuligheiter i huset. Om sommaren koker dei mat i gruve utanfor huset.

Til alle bidragsytarar i julegåveprosjektet:

Det let seg ikkje gjera på desse sidene å formidla kva hjelpa betyr for familiane. Det må opplevast. Det er til dei grader gripande og gjer stort inntrykk på oss som formidlar hjelpa. Vi gløymer det aldri.

Dei som får, ber oss takka dei som gir. Dei takkar kvar enkelt, dei takkar alle nordmenn, og dei takkar Gud.

For oss som ikkje er spesielt gudelege av oss, lurer vi av og til på om vi kanskje likevel er reidskap i gudommelege hender, for i den grad dei som får har bedt sine bønner, og det har dei, vert bønene deira oppfylde i møtet med oss – og alle dykk som er med og gir.

Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent, Chisinau, Moldova