Mamma Claudia og pappa Semion vart overvelda over julegåva. Her overleverer Hans Bjørn ein pengesum stor nok til at familien kan gjera opp for skuldig husleige og straum. 13 månader gamle Eleno er i ferd med å undersøkja innhaldet i handleposane vi hadde med.
Når du ser på bildet, legg du merke til at alt ser reint og ryddig ut. Og slik er det. Claudia med sitt svake syn er pertentleg og held den vesle leiligheita strøken. Men du som les dette, ville neppe akseptert eit slikt husvære. Du må oppleva det for å forstå kva dette eigentleg dreier seg om.
Du må kjenna lukta, føla temperaturen, fornemma fuktigheita i teppet på stolen du set deg ned i, sensa fattigdommen og føla på korleis det er å vera småkårsfolk. Ana litt, berre litt, korleis det er å leva under trugsmål om å verta kasta på dør om du ikkje gjer opp for deg. Samstundes som du får meir og meir respekt for desse og kor stolte dei er, kor gjerne dei vil ta vare på seg og ungane sine, som ikkje klagar, og som vil greia seg utan hjelp.
Ein flott familie; Eleno med smukk, mamma Claudia, Damian som snart skal på begynna på skulen, og pappa Semion som er heilt blind.
Blokka dei bur i, var bygd i sovjet-tida for synshemma og blinde. I nærleiken låg ein fabrikk med enkel produksjon for menneske med denne type handicap. No er fabrikken nedlagt, men framleis hyser den kommunale bygningen blinde og svaksynte. Fleire av dei har problem med å betala husleige, straum og andre utgifter.
Blindeblokka i bakgrunnen. Det var sol og fin ver i dag då vi besøkte familien som bur her, og mange klesvaskar hang på snorene på den felles turkeplassen framfor inngangspartiet.
Frå utsida og litt på avstand ser ikkje bygningen så verst ut. Når du kjem innom døra og opp i dei mørke korridarane derimot, ser det verst ut. Det er nesten uhyggeleg å oppleva små born koma heim frå skulen med ransel på ryggen, forsvinna inn i dei ekle, illeluktande mørke gangane, og forstå at det er der dei bur, bak ei mishandla dør.
Dette er ikkje verdige forhold å bu under i Europa i 2013. Dette minner om skildringane frå gamle Kristiania på slutten av 1800 talet. Då var Norge fattigast i Europa.
Tekst og foto: Kåre Ness, utanriksKÅREspondent, Chisinau/Moldova