Logo

Samarbeider med FN (UNDP) i Transnistria

FN-kontoret i Chisinau (UNDP)  har invitert Hjelp Moldova til å søkja prosjektmidlar i samband med eit utviklingsprogram for ein barnehage for synshemma i Tiraspol i Transnistria. Transnistria er formelt ein del av Moldova, men har erklært seg sjøl for sjølstendig republikk. No ønskjer FN å bruka vår kompetanse med tanke på å gje kvalifisert synshjelp til borna.

Det er berre vel eit år sia FN oppretta kontoret i Chisinau med Nicola Harringtion-Buhay som leiar. Kontoret sitt fulle namn er United Nations Developement Programme (UNDP) Moldova. Hjelp Moldova møtte Harringtion-Buhay første gong rett etter etableringa, og har i ettertid hatt god kontakt.

2013 12 18 Våttar med hesling til nissen 2 TiraspolSmilande og blide ungar førebur seg på julefeiring i Transnistria. I tur og orden får ungane leggja brev til nissen i våttane som heng på veggen. Barnehagen er pussa opp og renovert ved hjelp av midlar frå FN og EU. No vil FN gå vidare med prosjektet og sikra at borna har rett diagnose og får dei hjelpemiddel dei treng.

Ei viktig oppgåve for FN i Moldova er å driva nasjonsbygging, og leggja til rette for ei god utvikling med tanke på demokratiutvikling, menneskerettar og sikra rettar for menneske med nedsett funksjonsevne; mellom desse synshemma. Hjelp Moldova er ein god bidragssytar i så måte, og organisasjonen har ein kompetanse som elles ikkje finst i landet.

2013 12 18 Oftalmologen med TG og HBB på kontoretI midten Oksana Zakarovna som er augelege ved barnehagen. Ho har ein del utstyr til rådvelde, men mesteparten er så gammalt at det høyrer meir naturleg heime på eit museum. Om alt går i boks, vil ho få tilført nytt og moderne utstyr, ho får fagleg oppdatering, hjelp til diagnostisering og nye synshjelpemiddel til borna som treng det.

Det er mange omsyn å ta når FN gir seg i kast med prosjekt i dette området. Alt må skje i nært samarbeid med styresmaktene. Den politiske situasjonen er betent, og forholdet mellom Moldova og Transnistria er ikkje det beste. Målet med denne type tiltak er å byggja tillit og forståing gjennom samarbeid  over grensene.

2013 12 18 Møte på baarnehagekontoret TiraspolKaffikos på styrarkontoret i Barnehage nr 44. Det herska god stemning under møtet der Hjelp Moldova deltok saman med representantar for styresmaktene i Transnistria, barnehagen og FN/UNDP.  Barnehagestyrar Alla Grigorjevna Tokareva nærast Hans Bjørn. FN sine representantar er Olga Vasiliev (ståande) og Albu Voriel til venstre for henne.

I etterkant av turen og møtet i dag lagar Tatiana Ghidirimshi og Hans Bjørn Bakketeig ferdig søknad om prosjektmidlar på 50.000 USD. Det er all grunn til å tru at dette går i orden i og med at FN har oppmoda Hjelp Moldova om å søkja,.

2013 12 18 Hans Bjørn Barnehage Tiraspol Hans Bjørn synes det er ærefullt, spennande og utfordrande å kunna samarbeida med FN i Transnistria og gleder seg å ta svært til å gå i gang.

 

Tekst og foto: Kåre Ness, UtanriksKÅREspondent, Chisinau, Moldova.