Logo

Julebesøk i Nr 74 og Nr 135

Samarbeidet med barnehagane Nr 74 og Nr 135 i Chisinau gjev gode resultat. Nr 74, barnehage for funksjonshemma, hjelper vi med nytt tilbygg for rørsletrening. Nr 135 er spesialbarnehage for svaksynte. I dag var 10 sterkt synshemma born i alderen 3 - 5 år til utredning. Bildet: Nissebesøk og fest i barnehage nr 135 i dag. Kontrastane var store i barnehage 135 i dag. I første etasje var det nisse og juletre, pakker og leik med personale og foreldre som tilskodarar. I andre var det nokre tre-åringar som tok til tårene i møtet med Hans Bjørn, endå så snill han er, fordi dei ikkje syntest om at han absolutt skulle kika dei så langt inn i augne med sine mange merkelege instrument. Men dei aller fleste syntest det var OK; ikkje minst når det vanka stor pose med julenissesjokolade når det heile var over.

2013 12 19 Julefest i Nr 135 Julefest i Nr 135 med leikar, song og musikk, nisse og pakker og stolte foreldre.

Tatiana Ghidirimshi og Hans Bjørn Bakketeig besøkjer regelmessig barnehage nr 135 som ligg vel 10 minutt kjøretid frå sentrum i Chisinau. Denne gongen var også Stela Rotacu med. Ho er i sluttfasen av utdanninga som augelegespesialist og tek praksisperioden sin  ved Hjelp Moldova sitt synssenter. Vi vonar at ho på sikt kan vera koma inn i full stilling ved senteret.

Ved barneheim Nr 135 seier dei at samarbeidet med Synssenteret er til uvurderleg hjelp og støtte. Hans Bjørn fortel at det både er krevande og gjevande og arbeida der. Han seier at mange av dei små borna enten ikkje har fått relevant hjelp tidlegare, og i ein del tilfelle har dei fått mangelfull diagnose.

2013 12 19 Nr 135 Undersøking Alle medPavel på snart tre er ein kvikk kar som svarte raskt og med klar stemme på alle spørsmål. Han syntest det var heilt OK å verta kika i augne, og let vel over belønninga; sjokoladenissegodteposen. Her er alle i sving med å få han til å fokusera rette plassen; Hans Bjørn til venstre, Stela med plakaten, Tatiana nærmast Pavel, og mamma som obserer det heile, lengst til høgre.

Barnehage NR 74

Hjelp Moldova med gode støttespelarar har samarbeidd med barnehage nr 74 i over ti år. Takk vere gode sponsorar er dei no i gang med å føra opp eit tilbygg som skal romma ein spesiell gymsal der borna kan få rørsletrening. Først fekk vi opp ytterveggane som har stått utan tak eit års tid og vel så det. I haust greidde vi skrapa saman pengar til taket som for tida er under oppføring. Takk vere ein særleg god sponsor heime ser det ut til at sluttfinasieringa kan gå i orden i løpet av neste år.

2013 12 16 Nr 74 Born og Luba og Lærar og EntreprenørOptimisme framfor tilbygget. Bak til høgre står styrar Liuba, og midten entreprenør Jurij saman med ein av lærarane og to av borna. 

Tekst og foto: Kåre Ness, UtanriksKÅREspondent, Chisinau/Moldova.