Logo

Statsministeren ber om fortgang

Den moldovske statsministeren ber om fortgang i arbeidet med skaffa tenlege lokale for Kompetansesenteret for synshemma som Hjelp Moldova etablerte i Chisinau for fire år sia. Dette var bakgrunnen for møtet med representantar frå Sosial-, familie- og arbeidsdepartementet, samt Helsedepartementet i Moldova i midten av desember.

Hjelp Moldova har i alle år hatt god kontakt med moldovske styresmakter. Vi har hatt mange møte med ministrar og viseministrar i fleire departement; også med rådgjevarar for statsministeren. Moldovske styresmakter er flinke til å takka, gje ros og oppmuntra til ytterlegare innsats. Men det er svært krevande å få moldovske styresmakter til å forplikta seg og gje konkrete motytingar for all bistand landet har motteke frå Hjelp Moldova. Siste åra har vi gjentekne gonger bede om å få meir tenelege lokale til Kompetansesenteret for synshemma. Styresmaktene skuldar på pengemangel, lovverk og uklare ansvarstilhøve. No ser det imidlertid til at vi kan nærma oss ei løysing på plassproblemet.

2013 12 17 I sosialdepartementetDeltakarane på det interdepartementale møtet 17. desember 2013; frå venstre: 1) Vasile Cusca – Head of Department Social Protection of People with Disabilities, The Ministry of Social Protection Family and Child, 2) Luminita Avornic – Deputy head of The Department of Primary Medical Care, The Ministry of Health, 3) dr. med. Tatiana Ghidirimshi, Head of Low Vision Centre, 4) Hans Bjørn Bakketeig, President of Help Moldova, 5) Ciobănaş Tudor – Head of Department Economic and Financial Department – The Ministry of Social Protection, Family and Child, 6) Veaceslav Tizu – Director – CREPOR

Det var svært positivt at Hjelp Moldova fekk møta representantar frå både Sosial/familie/arbeidsdepartementet og Helsedepartementet. Våre ulike aktivitetar er av slik karakter at det er naturleg å få i stand ein forpliktande avtale som omfattar begge departement.

Etter møtet er partane samde om at Hjelp Moldova lagar ei ny skisse av rombehovet, kor mange kvadratmeter som trengst til ulike føremål slik som mottak/resepsjon, diagnoserom, kontorplass og lagerrom, og ei oversikt over kostnader. Tatiana og Hans Bjørn har alt laga ferdig ei slik skisse, og så vert det eit nytt møte når Hans Bjørn er på plass igjen i Moldova i januar.

-Vi kan ikkje stå med lua i handa og håpa på at det skjer noko. No krev vi handling, og det er difor svært gledeleg at statsministeren personleg har bede ministrane i departementa om å bidra til å finna ei tenleg løysing, seier Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova.

 

Tekst og foto: Kåre Ness