Logo

Tonje (17) ny i styret

På årsmøtet 7. april 2014 vart Tonje Stølsnes Faanes frå Os vald inn i styret for Hjelp Moldova. Tonje er elev ved Os vgs og har alt representert organisasjonen ved fleire høve. Kristine Krokli hadde sagt frå seg attval grunna studier. Dei andre styremedlemmene held fram som før med Hans Bjørn Bakketeig som leiar.

Ny i styret; Tonje Stølsnes Faanes

Styret i Hjelp Moldova er no slik samansett:

Leiar: Hans Bjørn Bakketeig

Nestleiar: Åse Hundvin

Kasserar: Astrid Daae Kristiansen

Skrivar: Kåre Ness

Styremedlem: Tonje Stølsnes Faanes

Varamedlemmer: Nils Fredrik Nilsen og Jarle Ådlandsvik

2014 04 09 WEB Styret etter årsmøtet Kåre+Astrid+Hans Bjørn+Åse+Tonje

Styremedlemmer i Hjelp Moldova: Kåre Ness, Astrid Daae Kristiansen, Hans Bjørn Bakketeig, Åse Hundvin og Tonje Stølsnes Faanes. Nils Fredrik Nilsen og Jarle Ådlandsvik var ikkje tilstades. Foto: Vidar Fløysand.

2014 04 09 WEB Tonje og Jon O

Veteran og nybegynnar: Jon O Vevle, første leiar for Hjelp Moldova, har vore med frå starten tidleg på 1990-talet. Tonje startar no.

Kåre Ness