Logo

UD-støtte for å etablera avtale med moldovske styresmakter

Håvard Austad i Utanriksdepartementet lovar støtte til Hjelp Moldova i arbeidet med å få i stand bindande avtale med moldovske styresmakter. I første omgang gjeld det å skaffa tenlege lokale for Synssenteret; på sikt å involvera styresmaktene i drifta. Tysdag 21. april gjesta Austad Hjelp Moldova i hovudstaden Chisinau der han fekk ei solid orientering om arbeidet med og for synshemma.

Bildet: Håvard Austad

Håvard Austad er vår kontaktperson i Utanriksdepartementet. Austad har mellom anna ansvaret for norske bistandssprosjekt i Ukraina og Moldova. Departementet har siste åra løyvt meir enn tre millionar kroner til Hjelp Moldova sine prosjekt for synshemma, og personell som arbeider med synshemma,  i Moldova.

2014 04 21n H Austad ved LeseTV + Hans Bj og Tatiana

Håvard Austad får innføring i bruken av LeseTV; eitt av mange hjelpemiddel Hjelp Moldova kan stilla til rådvelde for synshemma.

-Det var svært gledeleg at Austad tok seg så god tid å møta oss under opphaldet sitt i Moldova no i april, seier hans Bjørn Bakketeig som er leiar for Hjelp Moldova. Saman med Tartiana Ghidirimshi, sjef for Synssenteret, gav han ei grundig innføring i arbeidet med og for synshemma, og korleis midlane frå UD vert nytta til å byggja kompetanse mellom legar og anna personale som har ansvar for synshemma.

2014 04 21 H Austad mded Hans Bj og Tatiana på Senteret

Kaffi og prat på Synssenteret. I løpet av dei fem åra senteret har eksistert, har meir enn 3000 pasientar fått hjelp i dette beskjedne lokalet. Austad var svært oppteken av å få ei god forståing av problema synhemma møter i det moldovske samfunnet. 

Arbeidet i Moldova innber ei rekkje utfordringar; ikkje minst i møtet med moldovske styresmakter. Hjelp Moldova har i mange år jobba med Sosialdepartementet og Helsedepartementet med tanke på å involvera dei og ansvarleggjera dei. Det er eit langt lerret å bleika. Det manglar ikkje på verbal støtte og ros. Både Hans Bjørn og organisasjonen har fått diplomar og høge utmerkingar frå høgaste hald. Men når det kjem til å omsetja ord til praktisk gjerning,  er resultatet nær null.

-Vi er takksame og optimistiske når Austad i dag har lova å hjelpa til med å finna løysingar på våre utfordringar til beste for det moldovske samfunnet, seier Hans Bjørn Bakketeig.

 

Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent i Chisinau