Logo

Hans Bjørn i ruta til TV Publika

Tysdag 22. april starta TV Publika opptak med og om Hans Bjørn og arbeidet for synshemma i Moldova. I morgon, 23. april, følgjer TV-teamet Hans Bjørn til byen Orhei nokre mil nord for hovudstaden Chisinau. På agendaen står visitt heime hjå ein familie der alle elleve i husstanden er blinde eller svaksynte, samt besøk på det lokale sjukehuset der augelegane tidlegare har fått opplæring på fagfeltet synshemma, pluss tilført utstyr for diagnostisering.

Bildet: Hans Bjørn Bakketeig sett gjennom kameralinsa til TV Publika. TV Publika er ein av dei største på nyheiter i Moldova. Dei ønskte å laga eit innslag om den merkelege mannen frå Norge, med utmerkinga «Optometrist of the World», og  som nyttar all si tid til å hjelpa svaksynte i Moldova. -Du er ein av verdas dyktigaste optikarar; du kunne nytta tida di i rike og velståande land og tent gode pengar. Kvifor velgjer du Moldova?, spurde dei. -Eg kom hit for 12 år sidan, og såg at det var stor trong for min kunnskap. Eg tenkte at om eg kunne hjelpa berre eitt menneske, så hadde eg lukkast. Sidan har eg vore her. I løpet av desse åra har me hjelpt meir enn 8000 enkeltmenneske. Eg er blitt glad i folket og landet, svarer Hans Bjørn.

22 04 14 Cornelia klemmer HBB Tatiana ser på TV Publica filmar

Cornelia Cernolev (36) er ei av dei som har fått eit nytt liv etter møtet med Hans Bjørn. Du kan lesa meir om hennar lagnad i BT-magasinet som kom ut onsdag før påske. I dag fekk ho eit ekstra par briller, slik at ho har ei forsikring i fall noko skulle skje med det første paret.  Ho kasta seg om halsen på den norske velgjeraren sin medan TV Publika filma de heile. Til venstre står Tatiana Ghidirimshi som er augespesialist og sjef for Synssenteret som Hjelp Moldova etablerte for fem år sidan.

TV Publika ville gjerna vita meir om Hans Bjørn og grunnane til at han ofrar all si tid for synshemma i Europas fattigaste land. -Kvifor Moldova? Kva visste du om landet før du kom hit? Kva føler du når du ser resultatet av arbeidet ditt? Kva tenkjer du om dei du arbeider saman med? Kvar kjem pengane frå? Korleis opplever du støtta frå moldovske styresmakter?

220414 Opptak HBB TV Publica på SenteretHans Bjørn i midten, TV Publika-journalisten til høgre, Tatiana sit mellom dei og tolkar, og til venstre kamaramannen.

Hans Bjørn fortel at han ingenting visste om  Moldova før han kom hit første gongen i 2001. Det var Arne Kåstad, dåverande leiar for organisasjonen, som kontakta han. Hjelp Moldova ønskte å gjera noko for blinde og svaksynte ved ein skule for slike born, men hadde ingen kompetanse på området. Hans Bjørn tok opp hansken.

Han seier at tårene renn når han ser reaksjonane til dei som med eitt kan sjå. Han seier at medarbeidarane i Moldova legg heile sitt hjarta i arbeidet, og gjer ein fantastisk jobb. Han fortel med entusiasme om støtta frå UD, Grieg Foundation, om enkeltpersonar og ikkje minst om den fantastiske innsatsen elevane ved vidaregåande skular på Os, i Bergen, i Fusa og Bamble gjer gjennom sitt solidaritetsarbeid. Han vert litt avdempa og diplomatisk når han omtalar tilhøvet til moldovske styresmakter, og seier han vonar at dei i løpet av kort tid kan medverka til at Synssenteret, som i desse dagar feirer 5-årsjubileum, får tildelt meir tenlege lokale…

Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent/pt med sete i Chisinau