Logo

Ny tid i Orhei

-I alle år som augelege har eg drøymt om dette. Trudde knapt eg skulle få draumen oppfylt medan eg enno er i arbeid!

I fjor haust var dr. Raisa Sirbu mellom deltakarane på eitt av kursa i serien av kurs Hans Bjørn og Tatiana held for augelegar frå heile Moldova. No har dr. Raisa og poliklinikken hennar i Orhei fått nytt og moderne utstyr.

Bildet: Raisa Sirbu har bytt ut det gamle “retinoskopet”, eit lysreflekterande speil med eit ørlite kikehol i sentrum, med eit moderne retinoskop. Retinoskop er eit instrument for å undersøkja brytningen i auga.

Publika TV følgjer med på turen til Orhei og filmar Hans Bjørn, legar og pasientar i alle vinklar. Resultatet skal visast sundag kveld i eit 10-12 minutts innslag på ein populær programpost i god sendetid. Publika TV er ein av Moldovas største på nyheiter.

2014 04 23 HBB forklarar for TV teametHans Bjørn legg ut om kor viktig moderne diagnoseutstyr er for at synshemma pasientar skal får rett behandling. Via kompetansehevingsprosjektet Hjelp Moldova gjennomfører, får samtlege augelegar i Moldova tilført grunnleggande kunnskap innan optometri. Institusjonane dei arbeider på får tilført moderne basisutstyr for diagnostisering.

2014 04 23 Lege Raisa + HBB + ny spaltelampeI midten står ein splitter ny spaltelampe med kamera som kan ta bilde av det indre auga. Dr. Raisa fortel at eit slik instrument betyr eit kvantesprang for henne i jobben med synshemma pasientar.

2014 04 23 Gammal LampeTid for pensjonering: Denne lampen i kombinasjon med med det vesle, runde speilet med hol i midten, var den gamle sovjetiske versjonen av eit retinoskop for å måla brytning i auga. Metoden er ukjent i vesten.

2014 04 23 Manuell føring av pasientarDei fleste i sjukehus og poliklinkkar nyttar framleis manuelle system for journalføring og pasientlister. Mange institusjonar har også datamaskiner, men det er langt fram før bruken av slikt utstyr er effektivt.

2014 04 23 Gruppebilde Orhei Poliklinik“Alle hjerter gleder seg” over ny kunnskap og nye hjelpemiddel: Dr. Ciorba, Tatiana, Hans Bjørn, dr. Raisa og journalist Liliana i Publica TV.

2014 04 23 Letter of DonationDokumentasjon er viktig del av arbeidet. Alle institusjonar får ei oversikt og kvitterer for utstyr dei mottek. Det sokalla “Letter of Donation” vert signert av sjukehusdirektøren, av Hjelp Moldova, og av leverandøren.

2014 04 23 To frelsararBesøket ved poliklinikken er slutt. Over utgangsdøra heng bildet av Jesus. For dei i Orhei er Hans Bjørn Frelsaren…

Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent som var i Orhei