Logo

Sterk i viljen – svak i synet

Familien Bezer er stor, eit heilt fotballag med reserve, 12 i talet. Berre to ser. Borna kjem til verda utan regnbogehinner. Det kan best samanliknast med at auga ikkje har blendaropning som regulerer for lyset. Dagslys smertar, og endå verre er det om sola skin.

Bildet: To brør, 29 og 26, to fedre i ein familie utan syn.

Mor Valentina og far Leonid i 50-åra. Fire søner, Alexander, Veoceslav, Christian og Dorin frå 29 til 10. Og ei dotter, Elisaveta på 13. To svigerdøtre, Olga heiter dei begge to,  og tre barnebarn; Gabriel, Ariana og Valentin. Berre den eine Olga og eine barnebarnet ser.

2014 04 23 Bezer Christian med nye filterbrillerChristian (16) har fått nye briller med filter. Nesten som ei solbrille. Då får han ikkje smerter i augene og verk i hovudet. Hans Bjørn fortel TV-journalisten korleis brillene fungerer for ein som er var for lys. 

-Eg har aldri vore borti noko liknande, seier Hans Bjørn. Det har heller ikkje Tatiana. Ei heller Publika TV.

Fleire av familiemedlemmene har vore til undersøking hjå dr. Tatiana på Synssenteret i Chisinau. Det var dr. Raisa og dr. Ciorba på poliklinikken i Orhei som fekk dei dit. Elizaveta og bror Dorin (10) har fått leseTV og Christian har fått filterbriller.

2014 04 23 Bezer Elizaveta les med LeseTVElizaveta les høgt frå ei av skulebøkene sine på den nye leseTV´n. 

-Vi innkallar fem av dei til undersøking i første omgang. Vi må gjera alt det vi kan. Eg veit enno ikkje kva, seier Tatiana. -Vi sender ein bil og hentar dei til senteret i Chisinau, legg ho til. Det er den beste og enklaste måten. Ein bussbillett berre eine vegen frå Orhei til Chisinau kostar 29 lei (15 kroner). I transportstøtte får dei store i familien 36 lei i månaden.

2014 04 23 Bezer Gabriel 2 månaderI pappas hender: Minstemann i familien, Gabriel på 2 1/2 månad, får si første provisoriske undersøking ved hjelp av lommlyktfunksjonen på Iphonen. Det er nok til å slå fast at også han er utan regnbogehinne. Den tiande i familien…

2014 04 23 Bezer Dorin prøver skoDorin prøver nye sko. Vi hadde med sko, ein del klede og noko sengetøy, alt splitter nytt og fint. I tillegg var Hans Bjørn og Tatiana på supermarknad i Chisinau og kjøpte med ein del matvarer; mjøl, smør, ris, olje, pølse og ein stor pose snop.

2014 04 23 Bezer EliElizaveta Ny jakke…og Elizaveta får seg ny jakke!

2014 04 23 Bezer To unge familianeAvskjed: To unge ektepar med to små born spør. Tatiana som har via heile si legegjerning til å hjelpa sine landsmenn, prøver å finna svar. Det finst enno ikkje effektive behandlingsmåtar for dei som manglar regnbogehinne. 

2014 04 23 Bezer Mor og farAvskjed 2: Mor Valentina og far Leonid – stolte menneske.

Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent som var i Orhei