Logo

Vegen til Orhei

Det er vår i Moldova. Då er Mo vakrast . Orhei, dit vi drog hin dagen, er kanskje dem mest kjende regionen i landet. Frå eldste tider var det her folk som for mellom aust til vest, møttest. Landskapet slynger seg i bølgjer og linjer; vennleg, inviterande mystisk og spennande.

For oss der oppe frå, er Moldova motsats til fjord og fjell.

 

2014 04 23 Slutt Landskap i grøntVåren fargar landet grønt. I dette området finn vi også høgaste punkt i Moldova på vel 300 meter.

2014 04 23 Slutt GjetararLangs vegkantane beiter store flokkar med sau og kyr. Ser du godt etter, finn du alltid hyrden, somme gonger to.

2014 04 23 Slutt BlomstersalSå kjem dei store skogane. Inni dei store skogane veks ville og vakre blomar. Flinke blomehender lagar vakre bukettar. Kampen om kundane er knallhard.

2014 04 23 Slutt Blomster kjøpValet var vanskeleg. Denne unge blomebindaren vann konkurransen om leveransen til vår bil, og fekk prisen han forlangte…

2014 04 23 Slutt BlomstringKunne vore Hardanger, men fjorden manglar, og fjella. Men elles er Moldova fullt ut konkurransedyktig i bløming med fruktbygdene heime.

2014 04 23 Slutt Kvinne med hakkeJa, ja, du fer etter vegen? Ja, eg gjer så. På gamlemåten med ei enkel hakke ut på dei endelause åkrane. Men åkrane og markene ser velstelte ut no, meir enn før. Moldovarane har lang tradisjon med jorbruk; grønnsaker, frukt, tobakk og vin, og muligheitene er store.

2014 04 23 Slutt ValmuerI parken utanfor poliklinikken, målet for turen vår denne dagen, møter oss raude blomar mot jordsvart bakgrunn. Rettar seg opp og helser velkommen, som ei kjærleikserklæring til oss langt borte frå.

2014 04 23 Slutt Bananskal

Ein vakker vårdag var det. Til og med skalet frå ei banan gjorde seg lekkert for oss, som ein fugl klar til å fly, eller ein som kanskje nett hadde landa…

Tekst og foto: Kåre Ness/UtanriksKÅRE, vegfarande retning Orhei