Logo

Møte med ambassadøren

Tove Bruvik Westberg er ny norsk ambassadør til Romania og Moldova. Onsdag 23. april inviterte ho nordmenn på oppdrag i Moldova til mat og prat på ein triveleg restaurant i Chisinau. Ambassadøren seier at det som gjer henne mest stolt på jobben, er det arbeidet hennar landsmenn utfører i landa ho er den norske staten sin representant.

Bildet: Hans Bjørn Bakketeig, leiar for Hjelp Moldova, nytta høvet til å gje ambassadøren eit eksemplar av BT-magasinet med fyldig omtale av arbeidet i Moldova.

Representantar for ulike norske organisasjonar som har oppdrag i Moldova deltok på samkoma:

– NORLAM (Norwegian Mission of Rule and Law Advisors to Moldova) som arbeider med kompetansebygging på justisområdet.

– SIVA/Proneo/Meland Arbeidssenter/ Syslab som jobbar med etableringar/næring/arbeidstiltak, deriblant for funksjonshemma.

– Kartverket som arbeider med å byggja den nasjonale geografiske infrastrukturen i Moldova.

2014 04 23 Ambassade Bastesen talar

Ingvald Bastesen i Meland Arbeidssenter (MAKS) fortel om arbeidet med å etablera verna verksemder i Moldova. Til høgre for han sit Marit Evjemo som leiar NORLAM, Hans Bjørn Bakketeig og seniorkonsulent i UD, Håvard Austad.

Hjelp Moldova vart omtalt, utan namns nemning, som ein av få frivillige organisasjonar som framleis jobbar på reint idealistisk basis, som oppnår gode resultat fagleg , som greier å knyta til seg eit omfattande kontaktnett heime som ute, og som maktar å stilla høg eigenkapital på bana når det vert søkt midlar.

2014 04 23 Ambassadøren og HBBTove Bruvik Westberg gledde seg over å få BT-magasinet i hende.

Kåre Ness/UtanriksKÅREspondent på ambassademiddag i Chisinau