Logo

Nye Voinicel – unik i Moldova

Ungjenta Ane Tveit  kom til Moldova første gong i 1999. Ho vart rysta over det ho såg på ein barneheim for funksjonshemma i Hincesti. Hennar engasjement for borna bana veg for organisasjonen Voinicel som i dag flytta inn i fantastiske nye lokale. Her kan born frå heile Moldova få hjelp, trening og stimulering av personale med god utdanning, lang erfaring; og ikkje minst med eit eineståande engasjement for dei små.

Bildet: Ane Tveit, tilbake i Moldova 15 år etter, leia opningsseremonien.

Leiar for Voinicel, lege og spesialist i nevrologi, professor Ivan Puiu, fortalde i sin tale om korleis han og hans folk kom i kontakt med Ane og hennar organisasjon AHEAD, om korleis dei sameinte tankane sine og kreftene om eit felles mål: Å bygga opp eit tilbod for dei svakaste av dei svake i det moldovske samfunnet, og hjelpa foreldra slik at dei kunne behalda borna sine heime.

2014 04 25 Ambassadøren + DownIngen ringare enn den norske ambassadøren til Romania og Moldova,  Tovde Bruvik Westberg, fekk æra av å klippa snora og opna det nye senteret. Westberg fekk god kontakt med denne vesle jenta med Downs syndrom. Det norske Utanriksdepartementet har spelt på lag med etablerarane frå starten av. 

2014 04 25 Plakat Voinicel

Ivan Puiu kommenterte vidare i sin tale kor forskrekka han vart for meir enn ti år sidan då pionerane jobba med å få i gang tiltaket. Saman med Ane & Co søkte dei norske UD om pengestøtte:

-Etter to månader fekk vi ja til søknaden på meir enn 60.000 Euro! Med vår moldovske bakgrunn måtte vi forventa at det ville ta meir enn to år, sa Puiu. Han takka for pengar og oppfølgjing i heile perioden. Takka retta han ikkje berre til ambassadøren og Håvard Austad frå UD som også deltok på festen, men heile det norske folk.

2013 05 22 Gut 2 med mor HBB og TG

Hans Bjørn sjekkar synet på ein liten multihandicappa gut under eitt av sine mange besøk på Voinicel i dei tidlegare lokala. Mamma i midten og Tatiana Ghidirimshi til høgre.

-Det finst i dag ingen offisielle system eller tiltak i Moldova som ivaretek handicappa småborn og foreldra deira slik Voinicel gjer. Vi kjenner godt til dette gjennom arbeidet med synshemma born, seier Hans Bjørn Bakketeig som saman med Tatiana Ghidirimshi alt i mange år jamnt og trutt har samarbeidd med Voinicel om synsundersøkingar på småborna.

2014 04 25 Leikerom Voinicel HBB + Marina

Hans Bjørn på omvising i nye Voinicel som no har fått eit heilt hus med to romslege etasjar til rådvelde. Han forsikra Mariana Puiu, gift med Ivan, at han ser fram til å samarbeida i nye lokale.

 

2014 04 25 Voinicel Mødre + born

Brukarane var inviterte til opninga. Her ein del av dei medan dei ventar på at seremonien skal starta.

2014 04 25 Voinicel Dansejenter

Aller først ute på programmet var desse flotte, glade danse- og syngejentene i raudt og rosa! 

DSC_0287

Draumehuset frå utsida. Hans Bjørn framfor inngangsdøra helsar og gratulerer. 

Meir om  Voinicel:

Voinicel er eit senter for tidleg intervensjon, med føremål å førebyggja at foreldre med funksjonshemma born sender borna sine på barneheim  (http://voinicel.md/en). Senteret er oppretta med hjelp av norske AHEAD (http://ahead-moldova.no/) som jobbar med å fremja livskvalitet og rettar til funksjonshemma born. Utanriksdepartementet i Norge har ytt pengestøtte både i starten for vel 10 år sia, og no til dei nye lokala. Hjelp Moldova har samarbeidd med Voinicel i fleire år. Mange av borna som får hjelp ved senteret, har problem med synet.

 

Tekst og foto: Kåre Ness, UtanriksKÅREspondent på opningsfest i Chisinau

…der han var ein av mange som gledde seg over at det offisielle Norge var så tungt representert, og desto meir forundra over at ingen representantar frå moldovske styresmakter hadde funne tid til arrangementet…